Lukkast: Då Mustafa Erpolat tok over Capri i 2002, hadde han eit par tilsette. I dag tel verksemda 23 tilsette. No skal eigaren utvida restauranten.

Fleire i bransjen slit. Capri skal utvida

— Dette er noko vi har tenkt på ei stund, seier Mustafa Erpolat (47).

Det er 20 år sidan Erpolat tok over Capri. Tilbake i 2002, hadde han eit par tilsette. I dag har Erpolat, ifølgje Proff.no, heile 31 tilsette.

— Det er nok ikkje heilt korrekt. Det er 23 tilsette, fortel Erpola og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det ligg mykje arbeid bak, legg han til.

I vekedagane er det som regel sju personar på jobb samstundes, medan dei i helgene, er kring ti personar i sving.

Utvidar lokalet og gjer endringar

No tek eigaren grep for å gjera restauranten endå betre.

— Det er mange som kjem for å henta mat, og det kan oppstå kø kring kassen. Dette kan vera forstyrrande for dei som sit og et. Difor skal vi byggja om, slik at det blir kasse og henting rett fram når ein kjem inn døra, fortel Erpolat.

Kjøkenet blir flytta fram der kasseområdet er i dag, og det gamle kjøkenet blir lagring og oppbevaring.

Erpolat har også blitt samd med huseigar om å ta over ein del av lokalet som Dysvik Clothing dei siste åra har leigd. Dysvik har gått tilbake til å ha butikk i delen dei starta i tilbake i 2016.

— Det lokalet vil vi nytta som eit selskapslokale, men det vil også vera ope for kundar om ikkje det er reservert for selskap, fortel Erpolat.

Jula plar vera travel. Det har ho vore i år også. Det går generelt sett bra med verksemda.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi legg bak oss nokre gode år. Det er viktig at vi er stabile, og det er nok ein fordel for oss i desse tider at vi har drive i så mange år her i Os, seier Erpolat og held fram:

— Det å utvida, er noko vi har tenkt på ei stund, men det har gått fort etter at vi for litt sida tok kontakt med huseigar. Vi ser føre oss å starta ombygginga neste månad, og at vi er ferdige til kring mars.

Kostnaden vil liggja på kring 1,5 millionar kroner. I tillegg til ombygging, vil Erpolat skifta ut slite møbler, som dei arva frå iSushi, i delar av restauranten.

Her kjem ei dør: Det vil koma inngang til selskapslokalet på denne veggen.

Ikkje positivt at andre må leggja ned

Ombygginga vil dei ta stegvis, og restauranten vil i førsteomgang ikkje bli stengd. Kan henda det blir naudsynt å stengja eit par dagar under ombygginga, men ikkje med det første.

Les også
Har halvert lokalet: Ser fram til å få “nye” naboar

Erpolat synest det er trist å sjå at det er fleire i bransjen som legg ned. I Os har Elvehuset og Matgal stengd dørene nyleg. Os Catering har stengd restauranten, men held fram med catering.

Erpolat kan ikkje sjå at det er positivt for Capri at innbyggjarane har færre å velja mellom.

— Vi kan ikkje sjå på omsetnaden at det har hatt ein slik effekt for oss. Det er berre positivt, tenkjer eg, med fleire ulike tilbod innan mat.