Høg promille: 1.78 i promille gav 50.000 kroner i bot.

Dømd til fengsel: Hadde 1,78 i promille og to born i bilen

Mannen i 40-åra må også betala 50.000 kroner i bot.

Søndag føremiddag 21. august i fjor, køyrde mannen frå Bjørnafjorden bil i eit tettbygd område.

I baksetet hadde han sine to mindreårige born.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei blodprøve teken same dag, viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,78.

Sist veke vart han dømd til 26 dagar i fengsel i Hordaland tingrett.

Han er også dømd til å betala kr 50.000 i bot, samt tap av førarretten i to år og fire månader.

Mannen kom med ei full tilståing i retten og vedtok domen på staden.