I god skule: Det vil vera stor trong for ingeniørar i åra som kjem. NITO-president Trond Markussen (i midten) meiner TAF-modellen gjer elevane til betre ingeniørar.

– Desse elevane bidreg positivt til verksemdene på eit mykje tidlegare stadium enn andre

Det seier NITO-president Trond Markussen etter å ha besøkt Fusa vidaregåande skule denne veka.

Måndag var NITO-presidenten først på besøk hjå Framo Fusa. Deretter gjekk turen til Fusa vidaregåande skule. Litt av føremålet med besøket var å få ei innføring i det gode arbeidet skulen gjer med TAF/YSK-elevane sine. Mange av dei har læretida si på Framo.

– Ingeniørar med praktisk erfaring, er dei beste ingeniørane, seier Markussen og utdjupar:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange av dei som vert utdanna til ingeniørar, startar læretida si i det dei byrjar i jobb. Elevane som har gått TAF, og som har både fagbrev og studiekompetanse, bidreg positivt til verksemdene på eit mykje tidlegare stadium.

NITO-presidenten hadde rett og slett teke turen til Eikelandsosen for å skryta av den jobben som vert gjort. Med seg hadde han regionsjef i NITO Vest, Stian Nyhus, leiar i NITO Hordaland, Guro Fjellhaug og bedriftsgrupperådgjevar i NITO Vest, Lars-Petter Jevnaker.

– Det er fantastisk flott å sjå den jobben som vert gjort, seier Markussen og understrekar at ein er avhengig av at både skule og industri er villig til å satsa på ordninga.

– Ordninga har ein pris, også for næringslivet, men det er ei investering i framtida, påpeikar han.

På besøk: Lærar ved Fusa vidaregåande skule, Ole Christian Dale, viste NITO-president Trond Markussen (t. h.), regionsjef i NITO Vest, Stian Nyhus (t. v.) og resten av følgjet rundt i verkstaden.
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO)

• NITO er Noregs største organisasjon for ingeniørar og teknologar. Organisasjonen har 100.000 medlemmer.

• NITO har 19 lokale avdelingar rundt om kring i Noreg. Berre i NITO Hordaland finst det 12.000 medlemmer.

• Organisasjonen har 1.400 bedriftsgrupper, og er ifølgje nettsida deira ein politisk uavhengig, frittståande fagorganisasjon.

– Ei ordning som må bevarast

Fusa vidaregåande skule starta med TAF-ordninga, som no har skifta namn til YSK (yrkes- og studiekompetanse) i 2001. Dei første åra var ordninga retta mot teknologi- og industrifag (TIF), men i 2004 utvida dei ordninga med TAF Marin og i 2007, TAF Helse.

Frå 2019 kunne elevane på restaurant og matfag også velja YSK-ordninga, og frå hausten 2021 vart automasjon det siste tilskotet til ordninga.

– På Framo har halvparten av medlemene våre gått TAF, påpeika delegasjonen frå NITO då dei kom til Fusa vidaregåande skule måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ei ordning som må bevarast. Det er vårt bodskap, understreka rektor Inger-Elin Epland og assisterande rektor Haldis Gjøen Solvang før lærar Ole Christian Dale gjekk i gang med presentasjonen av modellen.

– Elevane har fire års jobberfaring før dei startar på utdanningsløpet sitt. Dei kan mykje meir, og forstår faget mykje betre enn studentane som berre har studiekompetanse. TAF-elevane endar ofte opp som mentorar for dei andre studentane, påpeika Dale.

Omvising: Ole Christian Dale synte delegasjonen frå NITO rundt på skulen. Leiar i NITO Hordaland, Guro Fjellhaug, til venstre i biletet.
Les også
Silje var akkurat ferdig utdanna då landet stengde ned. Etter nær 50 jobbsøknader hamna ho på rett hylle
Les også
Ronja (20) fekk leiarstilling før ho var ferdig med vidaregåande

– Det var berre å gripa sjansen

Ein rapport Menon har utarbeidd for NITO, syner at behovet for ingeniørar vil auka kraftig i alle næringar i Noreg fram mot 2030. Spesielt innan bransjar som havvind og batteriproduksjon er etterspurnaden stor.

– Rapporten syner tydeleg at det hastar med å utdanna fleire ingeniørar. Her bidreg Fusa vidaregåande skule på ein god måte gjennom sine TAF-liner. Mange av elevane på mekanisk, marin og automasjon tek etter kvart ingeniørutdanning, påpeikar regionsjef i NITO Vest, Stian Nyhus, i ein e-post til avisa.

Om det vert ingeniørutdanning på Anders Askvik Brattetveit, veit han ikkje enno. Han er elev på TAF Mekanisk, eller TIF, og arbeider to dagar i veka på Framo Fusa.

– Eg har eitt og eit halvt år igjen av skuletida på Fusa vidaregåande. Eg har ikkje bestemt eg for kva eg vil gjera etter det. Kanskje vert det eit år i militæret, fortel han.

Omvising: TAF-elev Anders Askvik Brattetveit og lærar Ole-Jørgen Michelsen var også med på omvisinga.

Brattetveit hadde ein kompis som søkte på TAF, og bestemte seg for å gjera det same.

– Eg hadde høyrt at Fusa vidaregåande var ein veldig bra skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er han stornøgd med valet han tok i 2020.

– Det var berre å gripa sjansen. Eg har ikkje sett meg attende éin einaste gong, seier han med eit smil.

Les også
Hadde det ikkje vore for tilbodet i nabolaget, kunne Vegard ha hamna på ei heilt anna hylle i livet