Leiaren for barnevernstenesta, Mariann Kjelby, fortel at endringsarbeidet er i gang, men åtvarar om at «slike ting tek tid».

Barnevernsleiaren om fleire lovbrot: — Veldig alvorleg

Mariann Kjelby er likevel ikkje overraska over det som kom fram i tilsynsrapporten frå Statsforvaltaren.

Tysdag fortalde Os & Fusaposten at barnevernetenesta i Bjørnafjorden får krass kritikk i ein fersk tilsynsrapport. Tilsynet har sett på oppfølging av barn i fosterheim, og funne fleire avvik i form av brot på barnevernlova.

Les også
Barnevernet får krass kritikk i ny tilsynsrapport. No spør Reiertsen om dei har riktig leiing.

Mariann Kjelby har vore leiar for barnevernstenesta sidan august i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortel at dei i forkant av det lenge varsla tilsynet frå Statsforvaltaren, sjølve identifiserte og påpeika eigne lovbrot.

— Difor står det også i rapporten at kommunen har oversikt over avvika, samtidig som det blir påpeika at vi ikkje har sett i verk tilstrekkeleg med tiltak per i dag.

— Kva tenkjer de i leiinga om dykkar eigen jobb i forhold til kva som kjem fram i rapporten?

— Det som kom fram var ikkje så overraskande for oss, svarer Kjelby.

— Opplever du å ha tillit frå dine leiarar oppover i hierarkiet?

— Ja, det opplever eg at eg som barnevernsleiar har. Og leiarane over meg vart også orienterte på førehand om lovbrota i tilsynsrapporten.

Barnevernstenesta sortert under «paraply-eininga» Familiens Hus, der Linda Hevrøy er leiar. Ho rapporterer vidare til kommunalsjef for oppvekst, Line Rye, medan kommunedirektør Christian Fotland til sjuande og sist sit med ansvaret.

Kritikken frå Reiertsen

Kommunestyrerepresentant Laila Reiertsen (Frp) meiner det som kjem fram i rapporten er så grovt at ho spør om leiinga kan halda fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Har du vurdert di eiga stilling?

— Nei, det har eg ikkje. Endringsarbeidet er i gang, og no jobbar vi systematisk med å arbeida inn ein lik praksis. Men slike ting tek tid, seier ho.

— Rapporten er svært kritisk overfor dykk, og kommunedirektøren sjølv har sagt at dette er svært alvorleg. Deler du den oppfatninga?

— Ja, det er klart det er veldig alvorleg når vi får lovbrot. Og det er alvorleg når det gjeld born under kommunens omsorg som bur i fosterheim. Så det tek vi på alvor.

Kjellby fortel at dei alt er i gang med å laga ein plan for korleis avvika skal lukkast. Planen vil fyrst bli presentert for politikarane i formannskapet, og deretter oversendt Statsforvaltaren.

— Deler du rapportens skildringar av kor alvorleg desse avvika er, eller tenkjer du at det er overdrive?

— Nei, eg deler rapportens skildringar.

Ho legg til at barnevernstenesta, i tråd med rutinane for slike tilsynsrapportar, har fått rapporten på førehand slik at dei kunne koma med eigne kommentarar og innspel. Desse er så bakt inn i den endelege og offentleggjorde rapporten frå Statsforvaltaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi er samde i dei avvika og lovbrota som vert påpeika.

Ikkje flinke nok?

— Rapporten skildrar ei barnevernsteneste som er for dårlege på dokumentasjon, rutinar og journalføring. Er årsaka at de rett og slett ikkje er flinke nok?

— Det kan vera mange årsaker til at det er blitt slik. Når det gjeld dokumentasjon, er det faktisk noko vi både gir opplæring og trenar veldig mykje på.

Sidan 2021 har Bjørnafjorden delteke i eit fosterheimsprosjekt med Sunnhordland Interkommunale Barnevernsteneste. Kravet til dokumentasjon, analyse og vurdering har stått sentralt.

Kravet til dokumentasjon er stort. Dette for at ein skal kunna etterprøva det som er gjort i ettertid, og vita og ha oversikt over kva som er gjort i det enkelte barns liv.

— Eg er heilt samd i at dette er særs viktig, og her vi må gjera det betre.

Ho minner likevel om at kommunen har gjennomført store omorganiseringar av tenesta dei siste åra.

Berre i fjor haust vart det lyst ut tre nye stillingar, samtidig som fleire har slutta eller gått ut i permisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kontinuerleg utskifting av folk gjer det meir krevjande med opplæring og det å sikra lik praksis. Det er ikkje ei unnskyldning, men kanskje ei utfordring.

— Har de for lite skriftlege rutinar som alle skal følgja?

— Nei, det handlar nok meir om at vi har for mykje ulik praksis.

Rus og skulefråvær

Kjelby har sjølv arbeidd hos Statsforvaltaren i seks år, og er ein varm tilhengar av tilsynsordninga.

— Det er ei viktig drahjelp til å forbetra seg. Som ny leiar er rapporten eit viktig verktøy som peikar meg i retning av kva vi må arbeida med.

I rapporten kjem det fram at bekymringsfull informasjon om rus, høgt skulefråvær og kontakt med negative miljø, ikkje vert følgt opp og vurdert av barnevernstenesta.

— Kjenner du til eksempel på om dette i praksis har ført til ein vanskelegare situasjon for borna?

— Det kjenner eg ikkje til. Desse borna vart plasserte for ein del år tilbake. Tilsynet har sett på saker tilbake til 2020, og noko har sikkert endra seg sidan då, men endringane har ikkje vore gode nok. Elles hadde vi ikkje fått avvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det verkar nesten utruleg at så pass alvorlege ting ikkje er følgt opp. Korleis grip de fatt i det og korleis følgjer de opp?

— Enkeltsakene er følgd opp, men ikkje på ein god nok måte. Nokre gonger ynskjer heller ikkje ungdomane hjelp frå verken oss eller fosterforeldre. Då står både vi og fosterforeldra i vanskelege avvegingar kring bornas beste.

Barnevernstenesta er no i gang med å laga ein plan, utan at Kjelby kan gå inn i detaljane her og no. I neste omgang blir det opp til Statsforvaltaren å avgjera om planen for å lukka avvika er god nok frå leiinga si side.

Ho peikar på at sjølv om det er sakshandsamarar og kontaktpersonar som er ute i felten og møter familien og borna, så har leiinga ansvaret for å etterspørja og fanga opp eventuelle lovbrot.

— Kva tenkjer du om at så pass alvorlege ting ikkje har blitt følgt opp?

— Det er alvorleg. Vi veit at nokre born i fosterheim har utfordringar knytt til rus og psykisk helse, sjølv om dei er i gode fosterheimar. Men den hjelpa ein kan gi, skal dei uansett få. Så er det ikkje alltid ein lukkast slik ein ynskjer, men det er heilt klart vårt ansvar å fanga det opp, registrera det og følgja med.

Kjelby ser openheit som ein nøkkel til å gjenreisa folks tillit til barnevernet.

Må gjenreisa tilliten

— Opplever du at du har nok ressursar tilgjengeleg?

Ho svarer med å visa til at barnevernet fekk tilført tre nye stillingar i starten av 2022. Sidan august er det også lyst ut tre andre stillingar etter folk som har slutta eller er sjukmelde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje vanskeleg å få søkjarar, men få av desse har erfaring frå barnevernsarbeid.

— Det er litt vanskeleg å svara på om vi har nok ressursar i og med at vi så langt ikkje har vore fullt bemanna, men eg reknar med det vert bra når dei nye er på plass.

Kjelby erkjenner at barnevernstenesta no har ein jobb å gjera med å gjenreisa tilliten i befolkninga. Her trur ho openheit er ein nøkkel.

— Vi må vera opne om korleis vi løyser den jobben vi skal gjera og forhåpentlegvis ser folk at vi gjer det på ein god måte.

Samtidig er ho klar over at ikkje alle vil vera nøgde med dette. Ho omtaler barnevern som eit «komplisert område», og er ærleg på at deira virke representerer ein sterk inngripen i nokre menneskes liv.

— Så er det likevel slik at det meste av arbeidet vårt, er hjelpetiltak som vert tekne imot frivillig og ikkje med tvang.