Vår og dekkskift, eller?: Det kan bli glatt med sommardekk på morgonkvisten neste veke.

— Vent gjerne med dekkskift til neste helg

Tru det eller ei — vinteren er dessverre ikkje heilt over.

Laurdag kan fort vera siste finversdagen på ei stund. Frå og med søndag morgon vert det grått skydekke, nedbør og langt kaldare.

Meteorologen trur det kan vera lurt å venta med sommardekk på bilen for bjørnafjordingar og andre vestlendingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Laurdag blir veldig fin. Deretter kjem det ein heilt annan vêrtype med vind frå nord. Me skal ned i kring åtte gradar på dagen, og ned mot null om natta, seier meteorolog Geir Ottar Fagerli.

Han ser heller ikkje bort frå kvit nedbør.

— Me vil i alle fall få frost natt til tysdag, onsdag og torsdag. Moglegvis vil det også snø ei av nettene men ikkje såpass at det vil bli liggjande, seier Fagerli.

— Det blir ein del nedbør neste veke?

— Ja, det må me nok rekna med. Det blir ei klassisk gråvêrsveke.

— Noko utsikter for skikkeleg mai-vêr snart?

— Det vil vera kaldt til og med torsdag. Frå fredag vil det bli varmare, men det neste skikkelege vårvêret lèt nok venta på seg. Men det ser i alle fall ut som det vil regna mindre frå slutten av neste veke.