Vert leigd ut til OBOS-klubb
Får sjansen til å visa seg fram på høgare nivå.
Brann 2-spiss Elias Myrlid (21) vert lånt ut til Kristiansund Ballklubb, og skal spela OBOS-klubben fram til midten av juni. Det opplyser brann.no.
– Dette er en fin mulighet for Elias til å fortsette sin utvikling, og vi er sikre på at dette vil være bra for han, seier sportsleg leiar i Brann, Jimmi Nagel Jacobsen, til nettstaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Myrlid kom til Branns akademi frå Os i 2021, og har skåra jamt og trutt sidan overgangen.
Osingen har allereie notert seg for fire mål for Brann 2 i årets 2. divisjon.