Lange køar: Her er det lang kø for å få fylt opp tankane onsdag.

Alle mann til pumpene. Lange køar ved bensinstasjon

Bilistane stod i kø onsdag.

16,99 for diesel og 17,99 for bensin lydde opningstilbodet på den nye automatstasjonen til Haltbakk Express på Røykenes.

Frå klokka 10.00 onsdag stod bilistane i kø for å nytta seg av det gode tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor sommar stengde Erling Andersen butikkdelen i bensinstasjonen på Røykenes. Eit par månadar etter var det også stopp for drivstoff-tilbodet på stasjonen.

No er det altså nok ein gong mogleg å fylla fossilt drivstoff på Røykenes.

— Tilbodet har vore tilgjengeleg nokre veker, men det er først i dag me har offisiell opning - med brus, kaffi og bollar, fortel Nina Andersen.

Offisiell opning: — Tilbodet har vore tilgjengeleg nokre veker, men det er først i dag me har offisiell opning.

Erling blir tilsynsmann

Huseigar Erling Andersen var sjølv oppteken med å hjelpa folk med automaten, men Os & Fusaposten fekk ein prat med salssjef i Haltbakk Express, Tor Veland.

— Me er svært glade for å få til dette samarbeidet med Erling og familien hans. Her har det altså vore bensinstasjon i ein mannsalder. Då syntest me det var leit at det skulle stoppa heilt opp, seier Veland.

Han var i kontakt med Andersen i oktober då YX-stasjonen la ned.

– Etter kvart fann me ut at denne plassen passar Haltbakk Express perfekt, fortel Veland.

Han presiserer at selskapet er oppteken av å halda liv i bygdene.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me ønskjer meir næring til Søfteland og at bebuarar her skal få behalda tilboda, fortel Veland.

— Det er automatpumper, dette, men de skal ha Erling Andersen med dykk?

— Ja, Erling blir oppsynsmann på denne stasjonen. Han kjem også til å jobba litt vidare med oss med tanke på oppstart andre stader, seier Veland.