Trafikksikring: Gang- og sykkelvegen er på plass, men trafikksikringstiltaka langs fylkesvegen har lete venta på seg.

– Kvar vert det av fotgjengarfelta, 30-sona og fartshumpane?

Etterlyste ei oppdatering på trafikksikringstiltaka langs Hegglandsdalsvegen.

I politisk kvarter i plan-, bygg- og miljøutvalet sitt møte førre veke, ba Nils-Anders Nøttseter (MDG) om ei oppdatering på trafikksikringstiltaka ved Borgafjellet barneskule.

– Dei trafikksikre løysingane var skuffande langt på overtid då skulen opna. Mykje har kome på plass i ettertid, men framleis er det manglar. Då utvalet var på synfaring på staden, fekk vi tydeleg inntrykk av at det skulle koma både fotgjengarfelt, 30-sone og fartshumpar i fylkesvegen, men ingenting av dette har skjedd. Så kva er status, er det noko framdrift, og kjem det til å skje noko, spurte MDG-politikaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Runar Lunde, kunne informera utvalet om at kommunen har vore i kontakt med fylkeskommunen om saka.

– Skiltplanen er vedteke. Det er positivt, innleidde Lunde.

– Beskjeden frå fylkeskommuen er at dei håpar å koma i gang med arbeidet før ferien. Men det gjenstår jo å sjå. Det er i alle fall det som er siste beskjed derifrå, sa Lunde.

– Då bør kommunen følgja det opp i god tid før skulestart, repliserte Nøttseter.

Sette fokus på problemstillinga: Nils-Anders Nøttseter (MDG) løfta problemstillinga kring trafikksikringstiltaka ved Borgafjellet barneskule i PBM-møtet denne veka.

Vil følgja saka tett

Gustav Bahus (Frp) meinte også at det var viktig å vera tett på fylkeskommunen i saka.

– PBM har møte like over ferien, 24. august. Om ikkje desse tiltaka er oppe og går innan den tid, må de rekna med at det kjem eit nytt spørsmål frå utvalet, poengterte utvalsleiar Terje Sperrevik (Sp).

Nøttseter viste til trafikksikringsplanen til kommunen, og hjartesonane ein har etablert kring skulane.

– Vi har gjort vår del av jobben. No må fylkeskommunen levera. Vi vert jo oppmoda av fylkeskommunen om å jobba med desse tinga, understreka han.