På veg: Heile laget reiste frå Halhjem med buss tidleg tysdag morgon.

Skal få møta Haaland, Ødegaard og resten av landslaget: — Gutane er heilt elektriske

Gutane på Søre Neset G9 er på veg til Oslo der dei nok kjem til å få eit minne for livet.

Heile laget reiste frå Halhjem med buss tidleg tysdag morgon. Destinasjonen er Oslo. I dag skal dei vera maskotar, og gå ut på Ullevaal saman med herrelandslaget i fotball, som skal møta Kypros i EM-kvalifiseringa.

— For ei tid tilbake, sende eg inn ein nominasjon av laget til GjensidigeStiftelsen. For nokre veker sidan ringde telefonen min. Då fekk eg beskjed om at vi hadde blitt plukka ut, fortel Siv Bøthun Sulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er del av eit større team rundt laget. Bøthun Sulen fortel at dei er fire trenarar og to oppmenn.

Får dekt heile opplegget

I utgangspunktet må laga som blir plukka ut sjølve stå for transport og overnatting, men dette har ordna seg på hyggjeleg vis for idrettslaget frå Halhjem.

— Sidan vi budde så langt vekke, får vi dekt alt. Buss til og frå, overnatting på hotell med frukost, og så skal vi eta middag i morgon kveld på Egon. Vi blir køyrde med buss frå hotellet til Ullevaal og i retur.

At det ordna seg på denne måten, gjer at alle har høve til å ta del i opplevinga.

— Det er ikkje gitt at alle hadde kunna senda sine gutar av garde, om ikkje vi fekk det dekt. No vert alle inkluderte, og vi ser fram til ein hyggjeleg, sosial og forhåpentlegvis veldig fin tur saman.

Landslaget har ikkje levert varene, og ei deltaking i EM i Tyskland i 2024, heng i ein svært tynn tråd. Dette har likevel ikkje lagt ein dempar på stemninga i forkant av turen, fortel trenaren.

— Dei har forstått at Norge mest sannsynleg ikkje klarer å kvalifisera seg, men dei gler seg likevel kjempemykje.

Kven får halda handa til Erling Braut Haaland?

Då gutane fekk beskjeden, kom det nokre spørsmål om kva ein landslagsmaskot var for noko. Då dei fekk forklart at det vil seia at dei skal gå saman med dei norske stjernene ut på Ullevaal, og at dei får eigne draktsett, kan ein trygt seia at stemninga gjekk i taket.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var nokre som spurte om vi tulla med dei. Gutane er heilt elektriske no.

Etter at gutane har gått saman med stjernene ut på grasmatta, blir dei viste opp på tribunen der trenarane og apparatet deira ventar.

— Det blir vel fort rift om å få halda kanskje spesielt Haaland og Ødegaard i handa?

— Gutane har nok sine ønske. Vi har prøvd å seia at alle som spelar på landslaget er kjempeflinke. Eg håpar at dei som ordnar med dette, tek styringa. Dei har nok eit opplegg på korleis dei skal gjera det. Eg er glad for at ikkje vi skal vera med og ta den avgjerda. Uansett så får alle gutane møta heile laget, seier Bøthun Sulen.