Melding: Meldinga kom kl 17.40 tysdag ettermiddag.

Rykte ut etter melding om røyk frå køyretøy - to personar til legevakt

Brannvesenet rykte tysdag ettermiddag ut etter melding om røykutvikling frå ein bli ved Ulven leir.

Meldinga kom kl 17.40 tysdag ettermiddag.

Røykutviklinga kom frå ein elektrisk bil. Ingen flammar vart observert. To personar er sendt til sjekk ved legevakta etter å ha pusta inn røyk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glatt vegbane

Brannvesenet melder i anna saka om svært glatt veg i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Reset. Her skal entreprenør vera på veg.

– Køyr forsktig, er oppmodinga frå brannvesenet.