Nordlys på himmelen: Sjå stor biletserie av nordlys.

Perfekte forhold: Nordlyset dansa fleire netter på rad

Det flotte fargespelet blei dokumentert frå mange ulike stader i Bjørnafjorden kommune.

Fleire har send inn bilete av nordlys, og nokre av bileta i biletserien er henta frå kommentarfeltet til Os & Fusaposten på Facebook.

Det er tydeleg at mange fekk med seg fargespelet på himmelen. Dei som ikkje gjorde det, vil truleg få sjansen til å oppleva nordlys med eigne auge i nær framtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det fortalde solforskar Pål Brekke, ved Norsk romsenter, til BT.

— Sola er veldig aktiv, og meir aktiv blir ho dei neste årene, seier Brekke.