Vegar Klyve meiner fråversgrensa ikkje har fungert slik ho skulle. AUF-aren tek i staden til orde for leksefri skule og skulemat.
Vegar Klyve meiner fråversgrensa ikkje har fungert slik ho skulle. AUF-aren tek i staden til orde for leksefri skule og skulemat.

Lesarbrev: Regjeringa tek ikkje elevane, lærlingane eller arbeidarane på alvor

No har det gått 6 år med borgarleg regjering i Noreg, og totalt 20 år med Frp-ordførar i Os. Dette er det ungdomen som kjenner mest på, skriv Vegar Klyve.

Etter seks år med Siv og Erna på toppen, har det blitt meir stress å gå på skule, med ei urettferdig fråversgrense. Me har fortsatt lekser, som gjer det verre for sei som slit, og favoriserer dei med ressurssterke foreldre. Og når regjeringa vil kutta i sjukeløna, sender dei signal til oss unge om at eit arbeidsliv som er trygt og forutsigbart, ikkje er viktig for denne regjeringa.

Til tross for sminka tal og overbevisande resultat, har ikkje fråversgrensa fungert slik ho skulle. Fråversgrensa har ført til at fleire gutar ikkje får karakter i faga sine på skulen, og ho førar til at dei elevane som slit, får det verre. Lærarane får ingen påvirkningskraft, ingen tillit og legekontora er oversvømte. Dette er typisk høgrepolitikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både i Os og nasjonalt syner Frp og H ei total mangel på både vilje og handlekraft når det kjem til leksefri skule. Lekser er nærast eit insentiv til sosiale forskjellar i skulen. Dei aukar forskjellane mellom elevane, og då svekkast prinsippet om at alle møter på likt grunnlag i vår felles skule.

Ein kjem heller ikkje unna å snakka om skulemat når ein snakkar om regjeringa si mislukka politikk. Skulemat, både på vidaregåande og på ungdomsskulane, som me skal innføra i Bjørnafjorden, er eit fantastisk tiltak for å sikra god læring og motvirka den aukande ulikskapen som regjeringas politikk fører til. Ikkje overraskande er H og Frp ein stor brems i dette viktige arbeidet.

Med kutta i sjukeløna syner regjeringa at dei ikkje tek tryggleiken til unge i arbeidslivet på alvor. I Noreg har det lenge vore ein verdi i arbeidsmarknaden at om du blir sjuk, så skal du motta full løn i ein periode. Dette sikrar føreseielegheit for arbeidarane og tryggleik i kvardagen. Denne verdien vil regjeringa til livs. Regjeringa vil fjerna denne tryggleiken, denne verdien i samfunnet vårt for å gjera opp for dei store skattekutta dei har gitt til dei rike.

Kor vil eg med alle desse sakene? Det er jo ikkje Stortingsval. Då, gode kameratar, skal eg forklara. Alle desse sakene viser nettopp kor viktig det er at Arbeidarpartiet styrer i kommune og fylke. Dette viser kor viktig det er at Trine Lindborg vert den første ordføraren i Bjørnafjorden.

Regjeringa tek ikkje elevane, lærlingane eller arbeidarane på alvor. Då er det avgjerande at me har makta i kommunane, i Bjørnafjorden.

Om me får ein Arbeidarparti-styrt kommune gjer det at kommunen kan innføra skulemat på ungdomsskulane. Det gjer at kommunen kan gjera prøveprosjekt med leksefri skule. Det gjer at oss ungdom kan få det lettare i kvardagen.

Lat det ikkje vera noko tvil. Frå i dag, og fram til valet, skal me gjera alt me kan for at vår fantastiske Trine vert ordførar. Gløym Terje Søviknes, og resten av ytre høgre. Dei kan få skrika så mykje dei vil. Me skal sikra reell endring i Bjørnafjorden. AUF er med, så lat oss vinna valet.

Vegar Klyve, AUF