Nedbør: Det er meldt nedbør til helga, og kommunen vonar dette vil fylla opp brønnane.

Framleis kokevarsel for vatn frå Eikelandsosen og Holdhus vassverk

Den lange tørkeperioden gjer at det framleis er lite vatn i Eikelandsosen og Holdhus vassverk.

Det opplyser kommunen på sine heimesider.

– Vi må difor fylla opp med vatn frå Skjelbreidvatnet fram til vêrgudane bestemmer seg for å fylla opp på naturleg vis. Det er meldt nedbør til helga, og vi håpar at dette vil fylla opp brønnane, skriv kommunen, som kjem med meir informasjon tidleg i neste veke.