Personvernerklæring for Os & Fusaposten
I vår personvernerklæring finn du informasjon om kva slags informasjon vi samlar om våre brukarar og korleis vi nyttar denne informasjonen for å vidareutvikle og tilpasse våre tenester til det beste for brukaren på ein måte som er transparent og open for alle.
Nedanfor finn du informasjon om vår bruk av anonyme data, personopplysningar og informasjonskapslar (cookies), samt den datapolicy vi har definert for kva annonsørar og andre eksterne aktørar har lov å samle og nytte av data om våre brukarar.
For abonnements kundar gjeld i tillegg eigne abonnementsvilkår.
1. Om personopplysningar
Personopplysningar er data og vurderingar som kan knytast til ein enkeltperson. Døme på dette er namn, bustad, telefonnummer, e-postadresse og ip-adresse, eller ein kombinasjon av desse som gjer det mogleg å anslå kven person dataene høyrer til.
Bruk av personopplysningar vert rekna som behandling av personopplysningar, som for eksempel innsamling, registrering, samanstilling, lagring og utlåning eller ein kombinasjon av desse.
Os & Fusaposten er behandlingsansvarleg for personopplysningane som vert behandla i samband med bruk av våre tenester og produkt, og personopplysningar vi samlar inn og behandlar for dei føremål som vert nemnde nedanfor.
Os & Fusaposten kan inngå avtale med eit selskap for behandling av data på sine vegner. Slike selskap blir då kalla databehandlarar. I slike avtalar er det regulert korleis data som vert gjort tilgjengelege skal behandlast. Slike avtalar regulerer at databehandlaren berre får behandla personopplysningane på våre vegner og til tydeleg definerte føremål.
Dersom du har spørsmål vedrørande dine personopplysningar, kontakt oss på post@osogfusa.no
2. Kva slags opplysningar samlar vi inn?
Vi samlar inn opplysningar på fleire måtar. Det meste vi har av opplysningar om deg er data du sjølv gir oss gjennom ditt abonnement eller data som blir generert når du brukar tenestene våre. Dette kan for eksempel vere sidevisningar og informasjon om di eining. Vi mottek også enkelte opplysningar frå tredjepartar.
Opplysningar du sjølv gir oss som abonnent eller når du registrerer deg som brukar hos oss, oppgir du ein del data som vert lagra. Desse opplysningane vert lagra i vår database for å yte eller sikre levering av tenesta du har bestilt, samt for å forbetre tenestene våre og for å førebyggje svindel. Vi lagrar også opplysningar når du kontaktar oss, eksempelvis ved å sende oss ein e-post til kundesenteret, slik at vi kan svare på spørsmåla dine.
Opplysningar som vert samla inn gjennom bruk av tenestene:
For å sikre deg den beste mogleg kundeopplevinga, registrerer vi informasjon om kva tenester du brukar og korleis du brukar dei. Denne informasjonen nyttar vi også for å tilpasse innhaldet til ditt bruks- og interessemønster. Vi samlar også inn informasjon om kva annonser du blir eksponert for og kva nettsider du besøker.
Informasjonen vi samlar inn kan delast opp i følgjande typar:
Informasjon om di eining og internett-tilkopling: Gjennom tekniske verktøy registrerer vi informasjon som brukarane sine einingar avgir og einingane sine tilkoplingar til våre tenester. Døme på slik informasjon er type eining, operativsystem, nettlesarinformasjon, informasjonskapslar (cookies) og unike identifikasjonsfil.
Døme på bruk: Tilpasse visninga av våre tenester for den eininga du brukar, slik at du kjem til ein mobiltilpassa utgåve av våre tenester når du brukar ein mobiltelefon.
Informasjon om bruk av tenestene: Vi samlar informasjon om korleis du brukar tenestene våre. Vi registrerer di aktivitet for å gi deg innhald og marknadskommunikasjon som er tilpassa ditt bruksmønster.
Døme på bruk: Trafikkhistorikk fortel oss kva artiklar som blir lese og kor lenge dei blir lese. Innsyn i denne lesehistorikken gjer at vi kan presentere redaksjonelt innhald og annonser som er relevante for deg. Det gir oss i tillegg innsikt slik at vi kan utvikle produkta våre i tråd med endra bruksvaner.
Informasjon om posisjon: Din geografiske posisjon vert registrert ut frå IP-adressa eller andre former for geo-lokalisering.
Døme på bruk: Vi viser redaksjonelle artiklar og annonser som er relevante for det området du befinn deg i.
Informasjonskapslar og anna innhald som vert lagra lokalt på di PC eller mobil: Når du besøker våre nettsider lagrast ei lita tekstfil på din lokale eining. Dette kallar vi informasjonskapslar (cookies) som vert lagra i din nettlesar og som kan lesast av våre tenester.
Ved hjelp av desse informasjonskapslane forenklar vi di bruk av våre tenester. Dei vert også brukte for å måle trafikken på våre nettsider, samle statistikk og for å forbetre tenestene våre.
Døme på bruk: Vi kjenner att di eining ved hjelp av informasjonskapslar. Vi sporar også kva annonser du har sett tidlegare, for å avgrense antall like annonser til kvar brukar ved hjelp av informasjonskapslar.
3. Kva brukar vi opplysningane til?
Personopplysningane vi samlar inn, brukar vi til å forstå og forbetre tenestene våre, slik at du får den beste mogleg opplevinga i ditt møte med oss. Med mindre det er særskilt avtalt med deg, vil vi berre bruke opplysningane dine til å:
- Levere tenestene våre som avtalt med deg og få tenestene til å fungere best mogleg.
Vår behandling av personopplysningar og andre former for data er eit viktig ledd i jobben vår for å levere tenesta vår som avtalt og i tråd med dine forventningar. Vi bruker også data for å sikre den beste mogleg brukaropplevinga for deg gjennom blant anna automatisk pålogging, tilpassing av innhald til skjermen din og raskast mogleg lasting av sidene.
Generere statistikk og forstå marknadstrendar: Vi utarbeidar statistikk og kartlegg marknadstrendar for å forbetre og vidareutvikle nettsidene og abonnementsprodukta våre.
Utvikle personaliserte tenester – tenester spesielt tilpassa deg: Vi trur du blir mest fornøgd dersom du opplever våre tenester som mest mogleg relevante for nettopp deg.
Vi ønskjer å gi deg mest mogleg relevant innhald. Ved å bruke data om di brukeratferd kan vi til dømes fjerne saker du allereie har lese og gi deg anbefalingar på innhald som er relevant for deg eller for andre brukarar med likt bruksmønster som deg har lese.
Målrette og måle effekten av annonser: Vi ønskjer å vise deg annonser som er mest mogleg relevante for deg. Vi måler også kor effektive annonsene er. Til dette har vi moglegheit til å bruke informasjon om deg, di brukeratferd og lokasjon, slik at vi kan styre kva annonser du ser. Då kan vi for eksempel bruke informasjon om kvar du oppheld deg til å vise deg annonser frå nettopp dette området. Vi kan også styre kor mange gonger du skal sjå ei annonse basert på opplysningane vi har.
Marknadsføring: Dersom du har eit aktivt kundeforhold til oss, vil vi kunne sende deg marknadsføring på e-post eller andre elektroniske kommunikasjonsmetodar innanfor rammene av marknadsføringslova. Unntaket er dersom du har bedt oss om noko anna. Slik marknadsføring kan også innehalde tilbod og informasjon frå tredjepart. Har du ikkje eit aktivt kundeforhold med oss, kan vi sende slik marknadsføring dersom du har gitt oss eksplisitt samtykke til det.
4. Kven deler vi opplysningane med?
Vi vil kunne dele dine opplysningar med andre der det er relevant for føremåla som er beskrive i denne personvernerklæringa. Vi vil ikkje selje, dele eller formidle personopplysningar på nokon annan måte enn det som er beskrive i denne personvernerklæringa. Unntak frå dette er der dette er avtalt særskilt med deg. Dersom vi inngår avtalar med andre om deling av opplysningar, vil vi sikre at bruken av data vert avgrensa og forplikte dei til å følgje gjeldande personvernlovgjeving.
Unite AS
Os & Fusaposten deler informasjon om bruk av nettsida med Unite AS for dei same føremåla som er beskrivne i denne personvernerklæringa.
Os & Fusaposten bruker Google som annonseverktøy. Informasjon frå ei informasjonskapsel, samt lokasjon, vil kunne bli brukt for å levere ein annonse.
Video
Våre videoar ligg hos YouTube og er underlagde YouTubes tenestevilkår og Googles personvernreglar.
Vi bruker YouTube API Services til å liste opp og bygge inn videoane på våre nettsider. Våre brukardata blir ikkje delte med YouTube, men dersom du er innlogga på YouTube, blir di aktivitet registrert på din YouTube-konto.
Forskning
Det kan vere aktuelt å dele opplysningar i forskingsøyemed gjennom deltakelse i forskingsprosjekt. Dersom dette blir aktuelt vil vi inngå avtalar for å sikre at opplysningane berre kan brukast i forskinga og at opplysningane skal behandlast konfidensielt. Resultat frå slik forsking som blir publiserte skal vere anonymiserte.
Annet
Begjæring frå offentlege styresmakter om utlevering av informasjon vil bli vurdert og informasjon vil kunne bli utlevert dersom det er mistanke om at det er gjort lovbrot i samband med bruk av våre tenester.
5. Korleis kan eg sjølv administrere eller slette informasjon om meg?
Retting av personopplysningar
Det er viktig at vi har riktige og oppdaterte opplysningar om deg. Hvis du oppdagar feil i opplysningane, oppmodar vi deg til å ta kontakt med oss for å få dette rettet opp. Dersom du ønskjer at opplysningar skal slettast, kan du også kontakte oss.
Vi vil ikkje lagre personopplysningar lenger enn det som er nødvendig for å oppfylle føremålet med behandlingen og lovpålagte plikter vi har, for eksempel i henhold til rekneskapslovgjevinga.
Sletting av personopplysningar
Dersom du ønskjer å slette nettlesarhistorikk og informasjonskapslar, vil anonyme opplysningar lagra om deg nullstillast. Sjå avsnittet om informasjonskapslar for framgangsmåte.
Dersom det er ønskjeleg å slette registrerte brukarprofilar og personopplysningar, kan det gjerast ved å kontakte Os & Fusaposten.
Administrere samtykker
Du kan til ei kvar tid endre dine samtykker knytte til dine personopplysningar ved å klikke på denne lenkja.
Innstillingar for brukardata i appar
Du kan endre databehandlingen som skjer i våre app'ar i telefonens innstillingar når som helst. Du kan slå på eller av nyheitsvarsel, slå av eller nullstille annonseidentifikator, og/eller akseptere eller ikkje akseptere sending av GPS-data til lokasjonstenester.
Dette vil påverke moglegheitene til å få nyheitsvarsel og lokasjonsbaserte tenester og målretta annonser.
6. Særlige om barns personvern
Vi ønskjer ikkje å samle inn eller på annan måte behandle personopplysningar om barn under 15 år. Hvis vi likevel får personopplysningar av barn under 15 år, vil vi så snart vi blir merksame på forholdet slette opplysningane. Føresette kan kontakte oss på post@osogfusa.no
7. Endringar i personvernpolicy
Vi vil med jamne mellomrom oppdatere vår personvernerklæring. Dette gjer vi for å reflektere eventuelle endringar på våre nettsider eller i vår nettsidepolitikk. Eventuelle oppdateringar i personvernerklæringa, vil bli publiserte på denne sida.
Alle abonnentar har inngått ein brukaravtale ved teikning av abonnement eller ved registrering av ein digital brukarprofil. Ved større endringar i brukaravtalen, vil du bli bedt om å lese gjennom og akseptere denne på nytt. Denne brukaravtalen beskriv og regulerer Os & Fusapostens bruk av opplysningar som samlast inn.
8. Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om vår behandling av personopplysningar eller denne personvernerklæringa, kontakt oss på post@osogfusa.no. For spørsmål knytt til ditt abonnement, sjå Min Side.
9. Retningslinjer om bruk av data for annonsørar
Retningslinjer for annonsørar er utarbeidde for å regulere bruken av data som kan samlast frå digitale tenester i Os & Fusaposten. Dette omfattar både annonsørar, byråer og andre tredjepartar. Det pålegger eit ansvar ved kjøp av annonsering frå Os & Fusaposten at følgjande vilkår og betingelsar vert overhaldne, samt at ein i god tru sørgjer for at aktuelle datterselskap, kundar og/eller leverandørar overholder desse bestemmelsane.
Det er desse retningslinjene som er gjeldande, med mindre noko anna er spesifikt avtalt. Ved tvil om kva som er gjeldande praksis, ta kontakt med post@osogfusa.no for ei avklaring.
Os & Fusaposten legg datapolicy frå Mediebedriftenes Landsforbund til grunn for annonsering på alle våre digitale tenester. Denne finn du her: https://www.mediebedriftene.no/siteassets/bilder/tall-og-fakta/retningslinjerforbrukavdata_oktober2018.pdf