Bekymra: Politiet seier at hendinga i helga underbyggjer bekymringa dei har for ungdomane i bygda.

Berusa jente køyrd til legevakta

Politiet vart laurdag kveld varsla om at det hadde samla seg overstadig rusa ungdomar utanfor skulen på Nore Neset.

— Denne hendinga underbyggjer vår bekymring for ungdomane, seier Atle Birkeland ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Politiet rykte ut etter ei melding frå AMK som hadde blitt varsla om at overstadig rusa ungdomar under 18 år hadde samla seg ved Nore Neset skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dei kom til staden, var det fleire ungdomar som sprang frå plassen.

Ei jente som var overstadig rusa blei tatt med til legevakta og foreldra hennar blei varsla av politiet.