Barnekoret frå Varhaug barnehage song saman med Eirik Søfteland då barnehagen feira 25-års-jubileum.
Barnekoret frå Varhaug barnehage song saman med Eirik Søfteland då barnehagen feira 25-års-jubileum.

25-års-markering med kjendis på besøk

Eirik Søfteland gjekk sjølv i Varhaug barnehage då han var liten gut. Torsdag var han attende for å kasta glans over barnehagens 25-års-jubileum.

- Han er ein helt, seier dagleg leiar i Varhaug barnehage, Tone Fjeldstad om Eirik Søfteland og held fram:

- Han nølte ikkje då me spurte om han kunne tenkja seg å koma. Han svarte ja på flekken. Han er veldig travel, så me var nok litt heldige med tidspunktet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med eit smil om munnen

I timane før kjendisen kom, hadde borna kosa seg med pølser, og mange av dei hadde fått ansiktsmåling. På veggene i barnehagen hang det gamle bilete, for å visa litt av historia til barnehagen.

Då «Os og Fusaposten» tok turen innom barnehagen, var det mykje liv og røre, og ungane var tydeleg spente på å sjå Søfteland, som dei kjenner frå fjernsynet. Barnekoret opna minikonserten, før dei song Månemannen saman med artisten, med foreldre og besteforeldre som tilskodarar. Etter fire låter var minikonserten, og markeringa over. Både før og etter stilte Søfteland opp på bilete med små og store fans, og skreiv autografar, som vanleg med eit smil om munnen.

 

Det var mange som ønskte å helsa på mannen dei kjenner frå fjernsynet.
Det var mange som ønskte å helsa på mannen dei kjenner frå fjernsynet.
Tord Søfteland, far til Eirik, var lydmann og handlangar for sonen.
Tord Søfteland, far til Eirik, var lydmann og handlangar for sonen.

Jobbar med album

- Korleis er det å vera tilbake i barnehagen?

- Det er veldig kjekt. Det ser veldig annleis ut enn då eg gjekk her. Eg vil seia at dette er Os´ beste barnehage, men det seier kanskje alle om sin barnehage, smiler Søfteland, og legg til at han har mange gode minne frå tida i barnehagen.

Det vert ein travel sommar for Søfteland. Onsdag var han ferdig med dei to første singlane til albumet, som kjem på seinsommaren.

- Eg skal ikkje opptre på så mange festivalar i sommar, men eg har nokre spelejobbar. Det vert lite speling, då eg kjem til å fokusera på albumet. Eg reknar med det kjem i slutten av august, seier Søfteland.