Bøkkar Jostein Gangstø demonstrerer tønnemaking. På både nye- og gamlemåten.
Bøkkar Jostein Gangstø demonstrerer tønnemaking. På både nye- og gamlemåten.

400 tok turen til Tønnegarden

Dei fekk både talkshow og bøkkarkamp, dei om lag 400 personane som søndag tok turen til Kystsogedag på Tønnegarden.

Bøkkar Jostein Gangstø og Economuseet Tønnegarden var for fyrste gong vertskap for Kystsogedagen i Nore Fusa.

– Vi har aldri hatt så mange folk innom her før. Det er ny rekord, seier ein nøgd Jostein Gangstø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølv demonstrerte han tønnemaking på både nytt og gamalt vis.

– Når delene er klare på førehand, tek det ikkje så lange stunda, fortel han.

Oppfinnsomme som familien Gangstø er, ordna sønene Oddvar og Rune visning på storskjerm via direktesending på mobil. Dermed fekk dei fleste frammøtte sjå godt.

Kven er raskast til å setja opp ei tønne? Heldigvis vart resultatet uavgjort.
Kven er raskast til å setja opp ei tønne? Heldigvis vart resultatet uavgjort.
Olav Gangstø (93) snakka om kor viktig det er å ta vare på tradisjonar og handtverk.
Olav Gangstø (93) snakka om kor viktig det er å ta vare på tradisjonar og handtverk.
Det lokale pianotalentet Hanna Øygard stod for eit av fleire musikalsk innslag.
Det lokale pianotalentet Hanna Øygard stod for eit av fleire musikalsk innslag.
Førsteamanuensis Nils Kolle fortalde om korleis sildakulturen har påverka Vestlandet, og korleis tønneproduksjonen i Fusa heng saman med dette.
Førsteamanuensis Nils Kolle fortalde om korleis sildakulturen har påverka Vestlandet, og korleis tønneproduksjonen i Fusa heng saman med dette.
Klart ein skal køyra til Tønnegarden i stil. Det var sett opp eigen veteranbuss som frakta publikum til gards.
Klart ein skal køyra til Tønnegarden i stil. Det var sett opp eigen veteranbuss som frakta publikum til gards.
Det gjeld å dra kroken over den straumførande metallstanga frå ein ende til  ein annan, utan å koma borti.
Det gjeld å dra kroken over den straumførande metallstanga frå ein ende til ein annan, utan å koma borti.
Både mat og kunsthandtverk var av det lokale slaget, og mogleg å kjøpa med seg.
Både mat og kunsthandtverk var av det lokale slaget, og mogleg å kjøpa med seg.

Dagen inneheldt også opning av det nyinnreia Tønneloftet, som no er ferdig selskapslokale, Her var det fotoutstilling om tønner og kystkultur i Nore Fusa.

Veteranbøkkar og far til Jostein, Olav Gangstø på 93, heldt tale.

– Det er viktig at bøkkarhandtverket vert ført vidare til nye generasjonar, meinte han.

Dagen var eit samarbeid mellom Tønnegarden, Bogøy Bygdeutval, Holmefjord Bygdeutval, Fusa kommune og Kystsogedagane.

– Freistar det til gjentaking når dagen vart ein slik suksess?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer det, men sidan arrangementet var eit samarbeid mellom fleire aktørar, lyt vi saman finna ut om dette er noko vi skal gjera igjen. Eg må forresten gje ein ekstra ros til bygdefolket som har stått sånn på, seier Gangstø.

anne-marie@osogfusa.no