Aurora ved Bjørnefjorden då ho var innom heimbygda for å halda konsert i februar.
Aurora ved Bjørnefjorden då ho var innom heimbygda for å halda konsert i februar.

Å bli Aurora (Film)

Aurora er ute med ny video der ho fortel om si musikalske reise og om seg sjølv. - Eg er ein svært sensitiv person, og alt går sterkt inn på meg, seier Os-artisten.

Ein viktig del av Aurora sin framvekst som artist handlar om å vera synleg på sosiale medier. Ein av dei viktigaste kanalane der ho frontar sin musikk er YouTube. Den mest sette musikkvideoane hennar har 7 millionar visningar, og har fleire tusen kommentarar frå fanskaren. Dette gjeld musikkvideoen til «Runaway», som er spelt inn i Os.

«Becoming Aurora»

Tysdag denne veka publiserte hennar offisielle YouTube-kanal ein ny video. Videoen er kalla «Becoming Aurora» (Å bli Aurora), og handlar om Auroras musikalske reise, og korleis det er å vera artist som høgsensitiv. Intervjuet er gjort på engelsk, og lokalavisa har omsett det poetiske sjølvportrettet til norsk:

Artikkelen held fram under annonsen.

Omsetjing til norsk

"Musikk har for meg alltid vore ein måte å forstå meg sjølv og verda på, og takla meg sjølv og verda.

Eg trur ikkje eg hadde begynt å skriva musikk viss det ikkje var for det opne vindauget i sjela mi.

Det kjem av fantasien min, trur eg. Eg kan ikkje la vera å bli skremt eller full av forundring av omtrent kva som helst. Men eg likar å vera redd - det er litt som å vera forelska.

Eg er ein svært sensitiv person, og det betyr at alt går sterkt inn på meg. Det er på ein måte ein svakheit, men eg er i alle fall ikkje redd for å føla lenger.

Eg har det med å bli sitjande fast i minne og på ulike stader. Og er har ein lidenskap som driv meg framover.

Eg veit at eg kan skriva songar som er ganske dystre, men samtidig er det viktig at det er ein viss form for håp der også.

Det finst eit lys i livet - å finna det. er ei av dei viktigaste oppgåvene me har.

Når eg går ut på scena, kan eg ikkje retteleg sjå folka der. Men eg kan føla dei, på ein måte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg let att augo mine, og berre pustar."

Samanlikna med Harry Potter-karakter

Fanskaren hennar på internett har alt kasta seg over den nye videoen. Etter berre to dagar var det kome inn rundt 400 kommentarar. Her er eit knippe av dei:

"Ho er så inspirerande! Eg elskar musikken hennar, og synest det ho seier er veldig oppløftande"

"Eg gråt då eg såg denne videoen. Du inspirerer meg, Aurora. Takk for at du deler sensitiviteten din".

"Ho minnar meg så mykje om Luna Lovegood frå Harry Potter (Lulla Lunekjær på norsk), og det får meg berre til å elska henne endå meir", kommenterer ein mannleg tilhengjar.