Brørne Daniel og Markus Slettebakken slik dei frontar seg sjølv som duoen "KREAM". (Privat foto)
Brørne Daniel og Markus Slettebakken slik dei frontar seg sjølv som duoen "KREAM". (Privat foto)

Ambisiøse musikkbrør på veg mot internasjonal suksess

Remiksane deira er spelt millionvis av gonger. No er brørne Daniel og Markus Slettebakken klar med sin første eigenkomponerte singel.

Det starta som ein hobby på guterommet i Askvik. Fire år seinare er Daniel (26) og Markus Slettebakken (21) blitt eit etterspurd produsentpar verda over. No er brørne også klare for å gje ut sin første sjølvlaga singel. For gutane er det ein milepåle i karrieren.

Frå VJ til DJ

Det er langt frå første gong at «Os og Fusaposten» skriv om brørne Slettebakken. I ei årrekkje var Daniel (26) og Markus (21) blant dei aller beste VJ-køyrarane (vassjett) i landet. Gutane markerte seg også internasjonalt. I VM-samanheng har Daniel ein niandeplass som si bestenotering, medan veslebror Markus toppa det heile då han vart nummer to i slalåm i Lake Havesu i 2013.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag har gutane lagt våtdrakta på hylla, men ambisjonen om å markera seg internasjonalt lever i beste velgåande.

- Gleda av å driva med noko me brenn for er der framleis. Men no satsar me altså på elektronisk musikk, på å gjera produsentjobbar og på å spela musikk på klubbscener rundt om i verda, fortel yngstebror Markus.

I musikkverda går brørne under artistnamnet «KREAM». Eit namn som etter kvart har fått bra gjenklang blant elektronika-publikumet i Noreg og Europa.

Daniel Slettebakken frå stordomstida i vassjett-sporten. Her frå eit race der han vann Noregs-cupen. (Privat foto)
Daniel Slettebakken frå stordomstida i vassjett-sporten. Her frå eit race der han vann Noregs-cupen. (Privat foto)
Markus Slettebakken frå då han deltok i VM i Qatar i 2011. (Privat foto)
Markus Slettebakken frå då han deltok i VM i Qatar i 2011. (Privat foto)

Millonvis av treff

Dei siste åra har gutane budd utanbygds og gått på skule. Markus er om lag halvveges i musikkstudiet sitt i Kristiansand. Storebror Daniel har utdanna seg innan finans i København.

- Me har heile vegen klart å samarbeida om musikken. Med dagens tekniske hjelpemiddel har det ikkje vore noko problem. Me sender musikksnuttar via nettsky til kvarandre. Utvekslar idear og blir samde om korleis det skal vera, før me gjer ferdig sluttproduktet, fortel Markus.

Som relativt ferske i ein sterkt veksande bransje, har brørne i første omgang satsa på å gjera remiksar av andre låtar. Tanken har vore å koma seg inn på marknaden, og skapa seg eit namn.

- Dei fleste innan vår genre gjer det på denne måten. Ein miksar andre artistars låtar, legg dei ut på «SoundCloud», «Youtube», «Spotify» og andre musikknettstader og håpar på så mange treff som mogleg, ler Markus.

Og mange treff er det blitt. Tidlegare i år laga Slettebakken-brørne ein mix av den svenske artisten Tove Lo's «Talking Body». I dag er mixen deira spelt over seks millionar gonger på både «SoundCloud» og «Spotify».

Artikkelen held fram under annonsen.

Endå større suksess har Markus og Daniel hatt med remiksen av Major Lazer-låta «Lean On». Nyleg passerte «KREAM»-gutanes versjon 10 millionar avspelingar.

- Det er ganske mykje. Nesten slik bergensaren Kygo opplevde?

- Nja, hehe, ikkje fullt så mange treff som han, men fortsatt ganske bra, ler ein nøktern Markus.

Stort steg

Frå starten av februar slepper dei sine første eigenkomponerte låtar. Markus vedgår at det blir spennande å sjå korleis dei blir tekne imot.

- Me har jobba med musikk i fleire år, men dette er første gong me slepper vår heilt eigekomponerte musikk. Dei første songane som kjem ut blei rett nok laga for over eitt år sidan, men for publikum er han heilt ny, seier Markus.

Låta han pratar om er kalla «Love You More». Vokalen er gjort av den britiske vokalisten «Flynn».

- Dette er ei jente frå London. Me kom over ho på «Youtube» og fall fort for hennar gode stemme, fortel Markus.

Støtte frå Apple Music

Medan «KREAM»-gutane venter på at den første sjølvlaga låten skal bli sleppt kan dei konstatera at remikslåtane deira framleis gjer det bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sist veke var me inne på «A-list Dance Music» og «Best Of The Week»-lista til Apple Music. Låta me markerte oss med var «M-22» sin «Good to be loved». Litt artig er det også at «Aurora» var inne på same liste... - kult at to band/artistar frå Os er inne på ei slik internasjonal liste samstundes, seier Markus.