Julerosen: Følg med og sjå kvar julerosen tek vegen. Det er gjerne ikkje nokon spoiler å røpa at me starta på Fusa-sida.

Årets julekalender - luke 1: Kven fortener julerosen?

Årets adventskalender i Os & Fusaposten handlar om å rosa kvarandre i ei hektisk førjulstid. Me starta med verdas første varaordførar i Bjørnafjorden. Så får tilfeldigheitene visa kvar me endar 24. desember.

I veka som var kontakta me Mikal Leigland og spurde om han, som verdas første varaordførar i Bjørnafjorden kommune, ville ha æra av å starta advents-stafetten vår «Julerosen». «Julerosen» handlar om både å gje ein person ei rose og litt ros ved hjelp av ei videohelsing på osogfusa.no. Den som får skryt, vert neste person ut i video-serien.

Gjettekonkurranse

Leigland tok utfordringa og vart foreviga av vår utsende torsdag ettermiddag. Her skryt han av ein sambygding han meiner har gjort ein fråmifrå innsats i mange år. Kven han snakkar om? Ja, nett det er det du som lesar som skal finna ut av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå og med i dag vil me leggja ut ei «julerose-sending» kvar dag. Deretter gjeld det å tippa kven personen i videoen skryter av.

Veit du kven det er, skriv det i kommentarfeltet under Facebook-innlegget, merka med fullt namn, før midnatt den aktuelle dagen.

Svaret vil du sjølvsagt få i den neste episoden, der vedkomande som fekk skryt, får høve til å dela ut julerosen på nytt.

Kvar dagsvinnar får ein sjokolade og eit flakslodd. I tillegg er dagsvinnarane med i trekninga av ein hovudpremie som me trekkjer i romjula.

Ps: Vi er klar over at nokre episodar i årets julekalender kan bli hakket vanskelegare enn tidlegare, men desto meir folkeleg og kjekk!:)

Her er fyrste video ut: