Årets artist: Chris Holsten har kanskje vore det heitaste artist-namnet i 2021.

«Årets låt»-vinnar og grunnleggjaren av «kjartanisme» til Tysnesfest

Chris Holsten og Kjartan Lauritzen kjem til sommarens Tysnesfest.

Med «Smilet i ditt eget speil» vann Chris Holsten prisen for «Årets Låt» under P3 Gull nyleg.

I tillegg tok han med seg prisen for «Årets artist».

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter tidlegare å ha sunge berre på engelsk, har Holsten det siste året toppa lister og erobra det norske publikummet med sine norskspråklege låtar.

Titlar som «Hvis verden», «Bare når det regner» og «Smilet i ditt eget speil» har herja listene gjennom året, og til våren slepp han del to av albumet «Bak en fasade».

— Vi set utruleg stor pris på at han tek turen til Tysnes til sommaren, og gler oss til fleire låtar som kjem ut i del to av hans nye album, skriv festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

Årets Tysnesfest går av stabelen mellom 6. og 10. juli. Frå før av er Staysman, Halva Priset, CC Cowboys, TIX og Synne Vo klare for fest.

Festivalsjefen opplyser at fleire artistar vil bli offentleggjorde i løpet av desember.

Tysnesfest: Kjartan Lauritzen har vunne seg eit trufast publikum med glimt i auget og ein særeigen stil.

Rappar på sognamål

Ein av dei som er klar, er Per Áki Sigurdsson Kvikne aka Kjartan Lauritzen.

Heilt utan noko majorlabel i ryggen, har Kjartan Lauritzen gått frå å vera ein nesten normal gut frå Balestrand til å bli Noregs nye rap-superhelt.

Med sitt breie sognemål har han teke Norge med storm og er no hovudattraksjon på fleire av landets største festivalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han leverer eit annleis show og byr på seg sjølv. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til «Årets live-artist».

Det er tredje gong Lauritzen kjem til Tysnesfest, og konsertane er i fylgje Vaage, kjende for «å ta av».

— Vi gler oss enormt til å introdusera den heilt nye religionen «Kjartanisme» (også namnet på debutalbumet, journ.mrk.) for publikum under Tysnesfest 2022.

I fylgje pressemeldinga handlar kjartanisme om å fylgja sine draumar og ha trua på seg sjølv.

-