Arne Hadler-Olsen og Veronika Flotve Røssland fekk fortent heider og kvart sitt stipend på 20.000 av Os kommune torsdag.
Arne Hadler-Olsen og Veronika Flotve Røssland fekk fortent heider og kvart sitt stipend på 20.000 av Os kommune torsdag.

Arne og Veronika får fortjent støtte på vegen

Arne Hadler-Olsen og Veronika Flotve Røssland er tildelt Os kommune sitt kulturstipend for 2017.

Totalt 11 søkjarar i alderen 13-48 år søkte på Os kommune sitt kulturstipend i 2017. Stipendet er meint for unge, lovande kunstnarar, idrettsutøvarar og aktive kulturarbeidarar på andre felt.

Dei siste åra har kommunen delt ut to stipend pålydande 20.000 kroner. Så var tilfellet også i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verdige mottakarar

Stipenda for 2017 vart utdelte på ein eigen lunsjseanse i Oseana torsdag føremiddag.

– Det er særs gledeleg å sjå kor stort mangfald det er i utøving og talent her i bygda. Me fekk mange gode søknader, men sjølv om det var vanskeleg å velja ut to kandidatar, føler me oss sikre på at dei to me har vald ut, verkeleg er verdige mottakarar av kulturstipendet for 2017, sa ordførar Marie Bruarøy før ho delte ut stipenda.

I fjor vart stipenda tildelt ein roar og ein musikar (Erling Øyaseter og Anne Goro Tronsmo Haugland). Denne gongen var det ein roar og ein skodespelar som fekk støtte.

Arne og Veronika fortel Os og Fusaposten at dei er stolte av å koma frå Os. Torsdag viste kommunen at me er stolte av dei. Her i lag med kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen og ordførar Marie Bruarøy.
Arne og Veronika fortel Os og Fusaposten at dei er stolte av å koma frå Os. Torsdag viste kommunen at me er stolte av dei. Her i lag med kultursjef Lisbeth Lunde Axelsen og ordførar Marie Bruarøy.
Marie Bruarøy informerte om at 11 søkjarar i alderen 13-26 år hadde søkt på stipendet for 2017.
Marie Bruarøy informerte om at 11 søkjarar i alderen 13-26 år hadde søkt på stipendet for 2017.

Felles for Arne Hadler-Olsen og Veronika Flotve Røssland er at dei har mange store bragder å sjå tilbake på, samstundes som dei har blikket vendt rakt fram, klare for å gjera det som skal til for å koma seg lenger i karrieren.

Hjelp til OL-satsing

Arne Hadler-Olsen er 21 år og har drive med roing sidan han var 12 år gamal. Han har representert Noreg i tre VM og blitt Nordisk meister i dobbeltsculler (2014). Arne var også den første roaren frå Os Roklubb som nådde ein A-finale i eit EM, noko han gjorde då han vart nummer seks i fjor sommar.

På spørsmål om kva han skal nytta stipendet til seier Arne dette:

– Det kostar å satsa maks i ein sport som roing. I tida framover vil eg gjera det eg kan for å utvikla meg og ta dei steg eg kan for å hevda meg i U23-klassen. På sikt har eg som mål å nå OL i Tokyo i 2020, seier 21-åringen.

Alt i vinter går nokre av kronene til reiseing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Først skal eg på treningssamling på Skeikampen, sidan vert det leir i Sevilla i Spania. Ein del av utgiftene må eg betala sjølv, så stipend-pengane kjem godt med, smiler Arne, som for tida studerer industriell økonomi i Ås.

Høve for kursing

Veronika Flotve Røssland er 22 år og studerer for tida ved Liverpool Institute for Performing Art. Her skal ho gå to og eit halvt år til.

Den teaterglade jenta byrja å sysla med skodespel og teater alt i ein alder av seks år. Først i Os, sidan i Bergen. I åra frå 2001 til 2014 var ho aktiv medlem av Vestlandske Teatersenter. Sidan har ho vore med i fleire større oppsetjingar i Bergen – på Cornerteateret, Ole Bull scene, USF Verftet og på den Nasjonale Scene.

I tillegg har ho spelt på «Her Majesty`s Theatre» i London.

Den hardsatsande skodespelar-jenta frå Os har klare planar om korleis å bruka stipendet.

– Dette er pengar som kjem veldig godt med. No får eg høve til å delta på fleire kurs og workshops slik at eg kan utvikla med ytterlegare som skodespelar, seier ho.

22-åringen ønskjer seg også til filmlerretet.

– Eg gjekk på filmskule i New York for litt tid tilbake og har veldig lyst til å prøva meg i film. Men alt av skodespel interesserer meg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva konkret kan du bruka pengane til?

– Alle former for skodespelar-kurs. Kanskje kampscene-kurs. Eg har veldig lyst å læra korleis ein slåst under filmscener, ler den friske og tøffe ungjenta.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no