Audmjukt og takknemleg mannskor

Overraskinga var stor då Os mannskor oppdaga at beløpet på korets bankkonto hadde auka monaleg i starten av januar.

- Me skjønte ikkje mykje då me sjekka kontoen. Me fann etter kvart ut at det var snakk om ei anonym gåve, seier leiar i koret, Terje Skutlaberg, som omtalar beløpet som stort og overveldande.

- Det er eit veldig stort bidrag til drifta av koret. Me set sjølvsagt utruleg stor pris på det, og vert både audmjuke og svært takknemlege på same tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar at dei har trong for å få vidareformidla takken og vonar at den anonyme gjevaren ikkje synest det gjer noko at dei går ut i lokalavisa.

- Me vil berre seia tusen takk.