Aurora opptrer hjå Skavlan denne veka.
Aurora opptrer hjå Skavlan denne veka.

Aurora besøkjer Skavlan

Som så mange store artistar før henne, vert Aurora å sjå på Skandinavias største talkshow fredag.

- Og neste uke kommer Aurora!

Slik avslutta Fredrik Skavlan fredagens show. Kim Paulsen i Auroras plateselskap Petroleum Records stadfestar at det er tilfelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det blir nok ei travel veke for Aurora, med mykje reising. Og det inkluderer intervju hjå Skavlan, seier Paulsen.

Celebert selskap

Skavlan er no Skandinavias største talkshow med opp til 1,2 millionar sjåarar, og programmet vert sendt både i Noreg og Sverige. Det er eit celeber klubb Aurora dermed vert ein del av. Artistar som Kanye West, Adele Adkins, Rihanna, Kygo, Robbie Williams, Bono og Alicia Keys har alle besøkt Fredrik Skavlan sitt tv-show.

UK, Skavlan, Os

Aurora har nyleg sleppt singelen Conqueror, og har dei siste vekene turnert Europa, og halde konsertar i Storbritannia og Nederland. No er ho altså tilbake i heimlandet, og veka etter Skavlan-visittenkjem Aurora til Os for å halda konsert for heimefansen.

Fredrik Skavlan får møta sjølvaste Aurora.
Fredrik Skavlan får møta sjølvaste Aurora.