Fattige bønder?: Det er lett å sjå for seg menneska på 1600-talet i Sunnhordland som fattige bønder. Kåsør Jørn Øyrehagen Sunde hevda at dette var eit feil bilete.

Baroniet i Rosendal – einaste baroniet i norgeshistoria

Baroniet var som ein stat i staten. Det hadde eiga kyrkje, eigen domar, eigne lensmenn og eige fengsel.

I juni går den årlege sommarturen til senioruniversitetet i Os til Rosendal og baroniet der. Det var difor ekstra kjekt på senioruniversitetet 4. april å få ei innføring i historia til opphavet til baroniet. Det var Jørn Øyrehagen Sunde, jussprofessor og forskingsleiar ved Museet Baroniet i Rosendal, som gav forsamlinga ei sprudlande innføring i tilhøva på 1600-talet i Sunnhordland generelt og rundt Rosendal spesielt.

Feil bilete

Rosendal vart opphavleg kalla Skålabygdo eller Kyrkjebygdo, men byggherren gav staden der baroniet vart bygd, namnet Rosendal. Ikkje uventa kanskje, sidan han hadde røter frå staden Rosenthal i Nederland. Sjølve bygda fekk så namnet då postvesenet skulle ha ei postadresse for staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lett å sjå for seg menneska på 1600-talet i Sunnhordland som fattige bønder. Kåsøren hevda at dette var eit feil bilete. Mange i området hadde gode inntekter og levde eit liv med tilgang på varer utanom dei heilt naudsynte. Årsaka var tilhøva i Sunnhordland med ein rikdom av ressursar som både nordmenn og utlendingar – ikkje minst dei velsituerte – var interesserte i, kombinert med den geografiske plasseringa av området.

Så lenge sjøen var hovudferdselsåra, var Skottland, Shetland, Orknøyane, Nederland «nærområda» til Sunnhordland. Sambandet mellom Sunnhordland og desse landa var tettare enn sambandet til Oslo og København.

Dette sambandet kan vi sjå liner av attende til vikingtida. Og det er nok ikkje tilfeldig at to kloster, som begge sprang ut frå kloster i England; Halsnøy kloster og Lyse kloster, nettopp vart plasserte her i distriktet, medan dei fleste kloster i landet elles låg i byar.

Handel og rikdom

I ein gravhaug, like ved der baroniet ligg, fann ein i 1930-åra den såkalla Hattebergskatten – ei samling av 32 gjenstandar av gull og sølv, alle irske. Dette er eit prov på både handel og rikdom i Sunnhordland langt attende i tid.

Kva hadde så Sunnhordlandsområdet å by utanlandske oppkjøparar på? Trelast er vel kjend som handelsvare. Til tider vart område i Hordaland mest avskoga grunna trelast som vart sendt til Skottland.

Meir ukjent er at hermelin – skinn av røyskatt – og reinsdyrhorn som var populært materiale for kammar, var gode og kostbare handelsvarer. For ikkje å snakka om falkefuglar. Desse vart fanga og selde for særs høge prisar i nabolanda.

Fisk og østers var òg blant dei gode handelsvarene. Og distriktet baud også på mineral som kalk til å måla steinveggar med og marmor, eit ettertrakta steinslag til byggverk.

Den rikaste arvingen

Handelen førte til ulike tilhøve. Han førte til rikdom – det var mange adelsmenn i området. Han førte også til ekteskap på tvers av landa og dermed folk som flytta til Sunnhordland frå landa kring Nordsjøen og motsett folk, som flytta andre vegen og busette seg strategisk som handelspartnarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle desse tilhøva var viktige for plasseringa av baroniet i Rosendal, det einaste baroniet i landet.

Karen Mowat hadde driftige aner både i inn- og i utland og var rekna som den rikaste arvingen i landet då ho i 1658 gifta seg med Ludvig Rosenkrantz, ein fattig adelsmann med opphav i Danmark og militærutdanning frå Nederland. I gåve då dei gifta seg, fekk dei garden Hatteberg i Kvinnherad.

Ludvig ville helst attende til Danmark og reiste fleire år dit for å be kongen om eit embete der. Men Karen ville noko anna. Ho hadde pengar og ho hadde handlingskraft til å få bygd det minste slottet i landet, eit steinslott, på eigedomen i åra 1662-67.

Skotske murarar sto for arbeidet, og etter nokre år kom nederlandske gartnarar til og skipa hageanlegget. Ludvig gav omsider opp draumen om eit liv i Danmark, selde eigedomane sine i Danmark, kom heim og engasjerte seg i drifta av baroniet og skogsdrift.

Stat i staten

Baroniet var som ein stat i staten. Det hadde eiga kyrkje, eigen domar, eigne lensmenn og eige fengsel. Og alle statsoppgåver vart utførte av baronen. 230 garder låg på det meste inn under baroniet. Det vil seia, baron vart ikkje Ludvig før i 1678. Då var Karen avliden, berre 45 år gamal, så ho opplevde ikkje å bli baronesse.

Barontittelen fekk Ludvig på vilkår av at berre søner skulle arva tittelen. Karen og Ludvig fekk fire søner og to døtrer. Tre av sønene døydde i krig. Den yngste, Axel, arva baroniet.

Men faren hadde i 1680 gifta seg opp att med Clara Catharina von Stockhausen, av fin tysk adelsslekt. Ho fekk ein særs god ekteskapsavtale som gjorde at då Ludvig døydde i 1684, fekk ho 90% av inntektene frå baroniet. Dette gjorde at Ludvig sin son, først Holger fram til Clara døydde i 1689, sat med 100% av baroniet sine utgifter og berre 10% av inntekta. Dette kunne ikkje gå.

I 1689 var baroniet konkurs. Sonen Axel arva så baroniet og fekk det godt på fote att for ei tid, men i 1723 gjekk det ikkje lenger. Tida for baronane i Rosendal var over etter berre to generasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jørn Øyrehagen Sunde sitt kåseri om Sunnhordland og baroniet i Rosendal enda her. Men husa og hagen til baroniet er no museum, og det er nok mange som ser fram til i juni å vitja staden og få høyra både om den tida då eigedomen var baroni og om kva som i hundreåra vidare har skjedd med staden.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet