Rekord: – Me blir ikkje overraska om det blir ny publikumsrekord, seier festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding. (Pressefoto)

Blir ikkje overraska om det blir publikumsrekord på «Såto»

Tysnesfest lanserer årets Såto-artist.

OnklP & De Fjerne Slektningene er klare for både Tysnessåto og Gjerstad Arena under årets Tysnesfest.

Fredag 8. juli opptrer dei på Gjerstad. Dagen før spelar dei semi-akustisk konsert på Tysnessåto.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me blir ikkje overraska om det blir ny publikumsrekord, seier festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

Dei fjerne slektningane består av medlemer frå Oslo Ess, Turbonegro og OnklP.

Knut Oscar Nymo og Åsmund Lande frå Oslo Ess har faktisk vore på Tysnessåto før, då med bandet Oslo Ess som aller fyrste «Såteartist» i Tysnesfest-samanheng.

– Det blei ein fantastisk suksess frå fyrste stund. Eg hugsar sommaren 2014 som ein av dei varmaste eg har opplevd på Tysnes, og 650 publikumarar fekk oppleva fantastisk vêr, fantastisk musikk og ikkje minst fantastiske omgjevnader. Oslo Ess har i fleire intervju omtalt denne opplevinga som eit av dei beste konsertminna dei har, seier Vaage.