Komikaren Roar Brekke veit å underhalda. Fredag får han i oppgåve å få osingane til å le. (Pressefoto)
Komikaren Roar Brekke veit å underhalda. Fredag får han i oppgåve å få osingane til å le. (Pressefoto)

Brekke har all verdas tid

Fredag vitjar stand up komikar Roar Brekke Oseana kunst- og kultursenter. Oddingen har sett av god tid.

Den raude tråden i framsyninga hans er nemleg tid. All verdas tid.

Kan du i klage over tidsklemma dersom du har bondegard på Facebook? Kvifor tatoverer folk eldgamle kinesiske teikn på ryggen? Og kva betyr eigentleg omgrepet "fortare enn svint"?, er berre nokre av problemstillingane Brekke tek føre seg i showet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Humor på tvers av generasjonar

Roar Brekke har arbeidd fulltid som komikar og konferansier sidan 2002. Han er kjent for eit særeige kroppsspråk og mimikk, og i 2015 hadde han suksess med showet "All verdens tid" på Lille Ole Bull Scene i Bergen.

Fredag er det osingar, og andre gjester i Oseana, som får høve til å oververa dei humoristiske krumspringa hans.

Ifølgje nettsida til kulturhuset samanliknar Brekke notida med korleis ting var før. Både talskive, telefonar, sommarferiar i folkevognboblar og "Trim for eldre" vert tekne fram frå gløymsla.

- Resultatet er at showet klarer noko få show klarer i dag, nemleg å få fleire generasjonar til å le saman, heiter det.