Det var musikar Steinar Lyssand som skjulte seg bak filteret denne gongen.
Det var musikar Steinar Lyssand som skjulte seg bak filteret denne gongen.

Brosteinsball i countryens teikn

Sidan 2013 har Steinar Lyssand invitert til Brosteinsball på Peppes. Laurdag er det country det går i.

Os-artisten hugsar sjølv Brosteinsball-arrangementa i Os frå då han var yngre. Den gongen var dei på 17. mai.

– Me tok fram igjen tradisjonen for fem år sidan, og har halde det gåande sidan. Einaste skilnaden er at me har hatt arrangementet på Peppes, fortel Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt fokus

På scenen på laurdag får han med seg venene i «Mighty Magnolias».

– Me fann ut at me skulle gjera årets Brosteinsball til ei country-happening. Eg håpar osingane har lyst til å vera med, seier han.

Emil Nordtveit og gjengen har sleppt fleire smaksprøvar av sitt komande andrealbum, som er venta til hausten.

Også Mighty Magnolias er klare for Brosteinsballet på Peppes.
Også Mighty Magnolias er klare for Brosteinsballet på Peppes.

Lyssand, eller «Lightsand», som han kallar seg i musikkverda, gav ut debut-albumet «Monday Morning Call» i fjor og hausta gode kritikkar for det.

– Det blir kjekt å dela scene i lag i Os. Me gler oss veldig til kvelden.

Lang kveld for Ine

For vokalist og korist Ine Tumyr blir det ein lang kveld på scenen.

– Ja, ho er jo med i begge banda, så ho me håpar ho pleier stemma si godt før laurdag, seier Lyssand.

Mighty-gjengen startar ballet. «Lightsand» med Rune Krogstad (trommer), Lars Hammersland (tangenter), Ine Tumyr (vokal/kor) og Svein Henning Berstad på bass avsluttar kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Med scene i Bar(t)-avdelinga er det plass til kring 250 personar. Me håpar å fylla plassen også denne gongen, avsluttar Lyssand.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no