Det var høg stemning og stor allsongfaktor i campingvognen til Andreas Johannessen laurdag.
Det var høg stemning og stor allsongfaktor i campingvognen til Andreas Johannessen laurdag.

Campa seg varme for Gunslingers

Andreas Johannessen og kompisane låg vorspielet til Gunslingers så nær Nore Neset Aktivitetshus som mogleg.

Dei lét seg høyra på kilometers avstand. Då underteikna kom til konsertarrangementet på Nore Neset laurdag kveld, lydde det feststemt song frå ei gyngande campingvogn på parkeringa like utanfor.

Inne i vogna var det trongt om plassane. Tidvis var stemninga så høg at døra måtte stå ope så det verste av trykket slapp ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein solid gjeng med cowboy-gutar var tidleg klare for konserten.

– Me kom hit klokka 16.00 i dag og har halde stemninga oppe sidan. På det meste har me vore over 20 stykk her inne, ler gjengen.

Nachspielet nært

Ikkje berre var dei nær konserten og kunne tyna oppvarmingskvelden til det ytste, gjengen hadde sjølvsagt skumle planar om å forlengja kvelden i den vesle vogna.

Liten campingvogn, mykje folk.
Liten campingvogn, mykje folk.

– Me køyrer full ut her i kveld. Dette blir stormat, gliste gjengen før dei på likt stemte i:

– 1-2 Osablod, 1-2 Osablod....

– Kva er det som blir høgdepunktet i kveld?

– Det blir Gunslingers. Dei er kanon, lydde det frå vogna og dei glade, unge cowboyane.