Dagfinn Lyngbø har drege fulle hus i Oseana to gonger tidlegare. I desember er han tilbake med «Supersmud». (Pressefoto)
Dagfinn Lyngbø har drege fulle hus i Oseana to gonger tidlegare. I desember er han tilbake med «Supersmud». (Pressefoto)

Dagfinn Lyngbø tek med seg «Supersmud» til Oseana

Oseana har mykje bra på programmet for hausten. Størst er det kanskje at Noregs stand up-konge, Dagfinn Lyngbø, vender attende i desember.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er alltid kjekt å kunna sleppa nokre kattar ut av sekken, seier arrangementssjef Berit Steen.

Ho har både turné-premierar og publikumsfavorittar på lur for haustprogrammet.

Dagfinn Lyngbø kjem altså tilbake til Oseana i desember. Askøyværingen spelar då to framsyningar av sitt kritikarroste show «Supersmud».

- Dagfinn er ein populær kar, og har seld ut tre fulle hus på Oseana tidlegare. No kjem han med eit show det er trilla "Yatsy" for i både femmarar og seksarar, så me har stor tru på at osingar og fusingar vil strekkja seg langt for å få billettar til dette showet, seier Steen.

Denne vinteren og våren går «Supersmud» for fulle hus i Bergen og Oslo. Showet har til no seld 81.000 billettar.

- Her i Os har me 1.000 billettar ute frå og med laurdag (i dag) morgon, lokkar Steen.

Turnépremiere

Onsdag 20. september vert det turnépremiere med Riksteateret, då dei kjem med det nyskrivne stykket «Albert & Anna» av Frode Grytten.

Grytten har skrive ein varm og vakker hyllest til livslang kjærleik, vist til oss gjennom samlivet til ekteparet Albert og Anna. Om stykket har Grytten sjølv sagt:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg ville lage ei historie om heilt vanleg kjærleik, slik dei fleste av oss lever ut. Det er så utruleg mange kjærleikshistorier i omløp i dag, men ofte handlar dei om ulovleg, umogleg eller ung kjærleik. Eg var nyfiken på å sjå korleis den heilt vanlege, kvardagslege kjærleiken ser ut, den dei fleste av oss lever i.

Teatersjef for Riksteatret, Tom Remlov, gler seg til å presentere eit heilt nytt stykke for osingane.

- Når me tingar eit heilt nytt teaterstykke av ein av våre mest folkekjære forfattarar, som attpåtil kjem frå Odda, er det heilt naturleg for oss å velje Oseana som plass for premieren. Osingane har nase for godt teater, og det er ei fryd for Riksteatret å samarbeide med ein så profesjonell og framoverlent arrangør. Gong på gong klarer dei å fylla Riksteatret sine framsyningar til randen med eit teaterinteressert publikum, skryter Remlov.

Bjørnov og Pulverheksa

Hausten på Oseana byr dessutan på Ingrid Bjørnov sitt nye soloshow, «Steinway to heaven» 16. oktober. Bjørnov har gjesta Oseana tidlegare både åleine og saman med parhest Øystein Sunde. No inviterer ho til klassisk himmelferd med støttestrømper, lausvipper og oppstemt flygel.

Riksteatret byr sjølvsagt også på noko for dei minste. 6. oktober står Maj Britt Andersen på Oseana-scena som sjølvaste Pulverheksa. Framsyninga «Pulverheksa og vennene hennes» er basert på dei tre siste bøkene i den populære barnebokserien, og har gleda mange tusen born både på teaterscena og i bokform dei siste åra.