Debutplata kjem 11. mars

Ein kan få inntrykk av at Aurora trass sin unge alder 'alltid har vore der'. Faktum er at ho enno har til gode å gje ut debutplata.

Ho har spelt på konserten for Nobels fredspris, ho har fronta varehuset John Lewis sin julekampanje, ho har spelt for fulle hus i 'heile' Europa, og ho har vunne fleire musikkprisar. Men Aurora har enno til gode å gje ut debutplata. Den kjem altså 11. mars, og ber tittelen All My Demons Greeting Me As A Friend. Frå midten av desember har det vore høve til å førehandsbestilla albumet.

- Det har vore veldig kjekt å spela inn plata. Eg har så mange historier å fortelja, seier Aurora til fansen på Facebook, og takkar samstundes for at folk har venta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre 14 dagar før platesleppet kjem Aurora til Oseana.

- Det kjennest alltid godt å opptre på min eigen heimstad når ein er så mykje vekke heimanfrå! Verda er fin ho, men eg kjenner det blir ekstra godt å få leggja seg i si eiga seng etter å ha stått på scena der eg voks opp. Eg gler meg masse! Håpar nokon kjem, kommenterte Aurora då konserten på heimebane vart lansert.