Absence Crew er kjente for sin svært akrobatiske dansestil. Framsyninga "NORR - da gudene breaket" er ikkje noko unntak. (Pressefoto)
Absence Crew er kjente for sin svært akrobatiske dansestil. Framsyninga "NORR - da gudene breaket" er ikkje noko unntak. (Pressefoto)

Dei norrøne hip-hop-gudane kjem

Hip hop og norrøne gudar er kanskje ein uvanleg miks, men dansarane i Absence Crew har hatt stor suksess med det i familieframsyninga NORR. Onsdag kjem dei til Oseana.

"NORR - da gudene breaket " er ei relativt ny hiphop-framsyning om norrøn mytologi. Med den hadde dei seks hip-hop-dansarane i Absence Crew, Christoffer Bottolfsen, Daniel Grindeland, Halvard Haldorsen, Piero Issa, Ole Petter Knarvik og Andreas Roksvåg som mål å skapa Noregs råaste danseframsyning og ta landet med storm.

Kritikarane var begeistra over det dei fekk sjå. BA meinte dei "dansar som gudar", trilla ein 5-ar og skreiv mellom anna at "De gjør vanvittige krumspring, levende hjul og bevegelser raskere enn øyet kan følge. Absence danser fletten av alle og nå gjør de det som norrøne guder".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Gler meg vilt!

Eit anna hjarta dei har klart å vinna er arrangements- og marknadskoordinator for Oseana, Janne Mari Hjelle, sitt.

- Eg gler meg heilt vilt, seier ho.

Ho såg framsyninga då den vart vist i Oslo, og gler seg både til eige gjensyn og til å få delt opplevinga med andre.

I kostymer Riksteateret omtaler som "tidlegare berre sett på film", gjer gutane sine halsbrekkande krumspring og dansar fletta av dei fleste. (Pressefoto)
I kostymer Riksteateret omtaler som "tidlegare berre sett på film", gjer gutane sine halsbrekkande krumspring og dansar fletta av dei fleste. (Pressefoto)

- Den var heilt kanon, så eg ser verkeleg fram til at 490 osingar skal få sjå den no.

Absence Crew er norgesmeistrar i breaking og kjente frå blant anna Norske Talenter og som vinnarar av "Mitt dansecrew" på TV2.

Hjelle kan fortelja at gutane brukte premien i sistnemnde program til å realisera framsyninga Norr. Dette gjorde dei i samarbeid med Den Nationale Scene.

- Dei spelte ganske lenge på DNS, fortel ho.

Møt dansarane etterpå

Det er Riksteatret som no har lagt ut på noregsturné med gruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framsyninga består av både show og video, med akrobatikk på høgt nivå som eit hovudelement, pluss bruk av spesialeffektar og profesjonelt produserte kostymer.

- Det er veldig stilig, lovar Hjelle.

Framsyninga blir vist i Oseana-salen, og det er berre få billettar igjen.

- Om folk skal få det med seg, må dei vera kjappe, og det er verdt å få med seg altså.

I foajeen etter framsyninga blir det mogleg for unge håpefulle blant publikum å møta dansarane, snakka med dei og utveksla kunnskap og erfaring.

- Dei er veldig flinke til å ta hand om publikummet sitt, og arrangerer ein "meet and greet" etter framsyninga. Der kan ein for eksempel visa fram "movsa" sine og få innspel på dei, seier Hjelle.

Får workshop

Absence-gutane har tidlegare vitja Oseana med framsyninga "Askeladden på nye eventyr", som vann Gullsekken 2013 for beste produksjon. I 2016 er dei også aktuelle med "Oldschool - En battle mot alderdommen", som hadde premiere under Festspillene i Bergen.

Framsyninga varer ein time og passar for alle over 7 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veronika Halhjem sin danseskule Tag the Floors har vore så heldig å få ein times workshop med gutane før framsyninga, som er eit tilbod knytt til Riksteatret sin turné.

- Dei som er med på workshopen kjem også og ser framsyninga, fortel Hjelle.