Deler ut 9,5 mill. til kulturbygg. Kjeglebane og samfunnshus i Bjørnafjorden får midlar
Deler ut 680.000 kroner til dei to bygga.
– Dette er viktige bygg i lokalsamfunna våre. Dei genererer aktivitet og er viktige for frivilligheita og for dei lokale kulturtilboda. Vi treng gode kulturarenaer og samlingsplassar overalt, og dei må vere oppgraderte til dagens standard. Det fortener alle dei frivillige som engasjerer seg for både kulturbygga og dei som brukar dei, seier Stian Davies, som leia sitt siste møte i hovudutval for kultur, idrett og inkludering før han tek til i vervet som fylkesvaraordførar.
Tilskotet er del av spelemiddeloverskotet til Norsk Tipping frå 2022.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vestland fylkeskommune opplyser at det kom inn til saman 60 søknadar om tilskot til kulturbygg. Sju av søknadane stetta ikkje krava i utlysinga og vart ikkje godkjende. Dei 53 godkjende søknadane søkte om til saman 36,7 mill. kr. Fylkeskommunen hadde 9,5 mill. kr til rådvelde.
– Vi har fått meir pengar i år enn tidlegare, men er framleis langt unna behovet for tilskot til kulturbygg. Det er eit stort etterslep, og eg er uroa over underfinansieringa. Regjeringa og Stortinget må halde fram og auke dette tilskotet i åra framover, slik at vi har pengar nok til å ta vare på og modernisere alle dei flotte og viktige kulturbygga. Eg er redd for lite pengar kan svekke både lokal frivilligheit og kulturlivet, seier Davies i saka på fylkeskommunen sine heimesider.
Desse får spelemidlar til kulturbygg (kommune i parentes)
Eikelandsfjorden samfunnshus (Bjørnafjorden): 424.000 kr
Fridtjof Sundts kjeglebane og musikkhall (Bjørnafjorden): 256.000 kr
Alversund skule og Alverhallen (Alver): 750.000 kr
Askvoll samfunnshus (Askvoll): 295.000 kr
Follese kultursenter (Askøy): 600.000 kr
Artikkelen held fram under annonsen.
Selbjørn skule og fleirbruksanlegg (Austevoll): 750.000 kr
Dale ungdomsslag (Fjaler): 973.000 kr
Høyanger samfunnshus (Høyanger): 750.000 kr
Reksta ungdomslag (Kinn): 102.000
Stavøy grendalag (Kinn): 400.000 kr
Folkets hus (Kvam): 320.000 kr
Gjesthalla ungdomshus (Sunnfjord): 327.000 kr
Vårvon ungdomslag (Sunnfjord): 384.000 kr
Artikkelen held fram under annonsen.
Sentralbadet litteraturhus (Ullensvang): 600.000 kr
Grendahuset Ljosheim (Vaksdal): 570.000 kr
Sentralbadet scenekunsthus (Bergen): 2.000.000 kr