Andrea Rosvoll Heffernan (4), Marthe Fredriksen-Nordtveit (5), Jorinta Astraukaite (5) og Konrad Rosvold (4).
Andrea Rosvoll Heffernan (4), Marthe Fredriksen-Nordtveit (5), Jorinta Astraukaite (5) og Konrad Rosvold (4).

Den raude høna bakar brød i Jettegryto

Hausten er tida for naturen sine mange under, men også for forteljingane sitt trylleri. I Jettegryto barnehage har september vore eventyrmånaden.

- Kva er eventyr, spør me Marte og Jorinta som er med i 5-årsklubben.

- Det var ein gong ei lita høne, ein katt, ein gris og ei gås, forklarar Marte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er eventyra sanne?

Dei to jentene nikkar ivrig og fniser på benken der dei sit.

Det finst også mange andre eventyr, mellom anna om troll. Og trollet er farleg kan me opplysa om, for dei som ikkje har fått det med seg.

Eventyret om den flittige høna i Marthe Fredriksen-Nordtveit sin strek.
Eventyret om den flittige høna i Marthe Fredriksen-Nordtveit sin strek.
Dette er slik Adam Gabrychowicz ser for seg figurane i dramaet.
Dette er slik Adam Gabrychowicz ser for seg figurane i dramaet.

- Trollet er farleg fordi det bur under ei bru med vatn under, og trollet likar å bada i vatnet. Trollet kan eta opp folk! Og lam, seier Marte og frydar seg over det herleg skumle ho kan fortelja.

Tøffe dyr

Pedagogisk leiar Sølvi Kaldestad syner fram huene som ungane har laga, med motiv frå eventyret om Den vesle høna.

- Det var me vaksne som klipte ut bitane, men to av ungane styrte faktisk symaskina sjølv, medan nokre måtte ha litt hjelp. Er det ikkje tøft?

Marte og Jorinta spring ut døra med huene på hovudet. Sidan over halvparten av ungane er på ferie med familiane sine, er det etter måten roleg og fredeleg på plassen utanfor.

- Me får meir tid til å setja oss ned med ungane og blir ikkje avbrotne av at det skjer ting alle stader samstundes, seier Kaldestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Eg vil!»

Eventyret om Den vesle høna vart først fortalt medan Sølvi illustrerte forteljinga med figurar på ei lita scene. Etterpå vart eventyret fortalt fleire gonger og barnehageborna skjøna fort poenget.

- Den vesle høna plantar kornet, vatnar det, går til møllaren (eller «murvappen» som ungane kalla han) men får ikkje hjelp av dei andre dyra. Moralen er sjølvsagt at det er lurt å hjelpa til om ein vil dela godene, fortel Sølvi.

Då soga om høna sine strabasar skulle forteljast att av barnehageborna sjølv, tok hendingane eit anna forløp.

- «Men eg vil!» sa Katten, og «Eg vil» sa Grisen, ler Sølvi.

- Ved å fortelja det sjølve, gjorde dei det til sitt eige eventyr.

Og korleis det eventyret høyrest ut, kan du lesa under:

Den vesle raude høna

Det var ein gong ein katt og ein gris, og ei høne og ei gås.

Katten sleika seg, grisen rulla seg i søla, gåsa bada og høna vaska huset. Høna gjekk bakom huset og fann nokre frø som ho skulle planta i jorda.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kven vil hjelpe meg å planta?

- Ikkje eg, sa alle.

Så sa høna: - Neivel då gjer eg det sjølv.

- Kven har lyst å vatna frøa?

Så sa dyra:

- Eg vil ikkje.

- Neivel, sa høna, då gjer eg det sjølv.

Så måtte ho kutta det med ein kniv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så sa høna:

- Kven vil hjelpe meg å skjæra?

Ingen ville. Så sa høna:

- Neivel, då gjer eg det sjølv.

Så skulle ho henta mjølet, mala mjølet hos murvappen bak huset. Nei, ingen ville hjelpa no heller.

- Kven vil vera med meg å baka?

- Ikkje eg. sa alle.

- Då kan eg baka sjølv då.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så var brøda ferdige og alle dyra kjende den gode lukta.

Så sa ho:

- Kven vil bli med meg å eta brødet?

- Eg, eg, eg, sa alle.

Då sa høna:

- NEI! Eg har tatt frø og henta mjøl og vatna og planta og hengt det til tørk. Då kan ikkje de få eta, berre Den raude høna kunne eta det!

Snipp, snapp, snute, eventyret er ute!

Av Jorinta, Nikolai, Marthe, Marius, Marie, Patrik, Andreas og Helene.