Karianne Michelsen og Cecilie Strandos er i gang med å starta 4H-klubb i Os. Torsdag 15. oktober inviterer dei til oppstartsmøte på Nore Neset skule.
Karianne Michelsen og Cecilie Strandos er i gang med å starta 4H-klubb i Os. Torsdag 15. oktober inviterer dei til oppstartsmøte på Nore Neset skule.

Dreg i gang 4H-klubb i Os

Karianne Michelsen og Cecilie Strandos hadde ikkje treft kvarandre før dei oppdaga at begge ønskte å starta 4H-klubb i Os.

- Karianne la ut ei melding på Oppslagstavlo i Os på Facebook. Ho lurte på om det var fleire i Os som ville vera og starta opp ein 4H-klubb. Det ville eg gjerne. Eg hadde til og med tenkt på det lenge, seier Cecilie Strandos.

Nyleg hadde dei to infomøte om 4H-planane på Nore Neset barneskule. Torsdag 15. oktober inviterer dei til eit skikkeleg oppstartsmøte av klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har gått fort, men me gler oss til å koma i gang. Det viktigaste er ikkje at me vert så mange, berre me får til eit godt tilbod for dei som vil vera med, seier Cecilie og Karianne.

Alternativt aktivitetstilbod

Karianne er busett på Nore Neset. Cecilie i Kuventræ-området. Begge meiner det er bra med aktivitetstilbod i området, men aller mest for dei sportsinteresserte.

- Litt av årsaka til at me startar opp med dette er at me er mødre til born som ønskjer eit alternativt aktivitetstilbod til det me finn i Os i dag. At me vel å fronta 4H-konseptet har mykje å gjera med at me sjølv var med på dette då me var yngre, fortel dei to.

Dei er begge tilflyttarar i Os. Medan Karianne gjekk i 4H i Odda, gjekk Cecilie i 4H-klubb i Lavik i Sogn.

- Me fekk vera med på mange fine friluftsliv-opplevingar og gledde oss over at me fekk vera med på å planleggja aktivitetar sjølv. Retten til å få vera med og bestemma, trur eg unge i dag vil setja pris på, seier Cecilie.

- 4H-klubben er meint å vera ein klubb av og for born i alderen 9 år til og med 19 år. Aktiv deltaking i utforming av årsplan er ein viktig del av konseptet, kvitterer Karianne.

Blant dei beste minna frå tida då ho var aktiv, er ein studietur til Gambia.

- Der fekk eg læra om korleis 4H-konseptet var bygd opp i det landet. Veldig lærerikt, seier Karianne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Faste møter

Klubben vil i komande tid ha fast møtetid ein til to gonger i månaden i kantinen på Nore Neset skule.

- Det første me no skal i gang med, er å planlegga aktivtetsplan for komande sesong. Her skal borna vera aktive deltakarar i planleggjinga.

- Mykje er opp til borna sjølv. Det er berre fantasien som set grenser for kva dei kan gjera i 4H-klubben, seier Cecilie.

For 2016-2017 er satsingsområdet for 4H «Fikser alt».

- Det tyder at med god innsats og pågangsmot kan ein klara det meste - sånn som innan snikring, redisigning av klede, byggja eigen datamaskin og mykje anna.

Initiativtakarane bak 4H i Os ønskjer på sikt å få til eit godt samarbeid med andre organisasjoner og lag i bygda.

Nytt tilbod

Også tidlegare har det vore 4H-klubb i Os. Men dei siste åra har organisasjonen lege nede.

- Eg veit at det var forsøk på å dra i gang noko i Strøno for nokre år sidan. Elles har det vel ikkje vore ein velfungerande 4H-klubb i Os sidan dei hadde det i Hegglandsdalen på 70-80-talet, seier Karianne.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med oppstarten ønskjer dei unge damene også fleire vaksne med på laget.

- Klubben skal vera av og for born, men me treng sjølvsagt vaksne støttespelarar og andre ressurssterke folk, som kan bidra med kunnskap og engasjement.

Kva er 4H:

4H Norge er ein landsomfattande, ideell barne- og ungdomsorganisasjon som er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig.

Organisasjonen skal utvikla ein aktiv og samfunnsengasjert ungdom med ansvarskjensle og respekt for natur og mennesker.

Mottoet i 4H er:Å læra ved å gjera.