Per André kunne ha teikna karakterane sine i blinde. Ikkje få timar har gått med til å finpussa detaljane.
Per André kunne ha teikna karakterane sine i blinde. Ikkje få timar har gått med til å finpussa detaljane.

Drøymer om eigen teikneserie

Per Andrè Rød (19) ville heller teikna enn å fylgja med i timane på barneskulen. Slikt blir det teikneseriar av.

- Uff ja, eg fekk litt kjeft av lærarane. Eg gjorde jo aldri noko gale, men eg berre måtte teikna heile tida og over alt, ler 19 år gamle Per André Rød.

Os-guten, som voks opp i Hegglandsdalen, har gått ei veke på kokkelinja i Fusa når han tek imot oss heime hos mor i Gudridhaugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kokkeyrket er i alle fall kreativt, så eg vil prøva og sjå om det kan vera noko for meg, seier han.

- Eg har blitt flinkare til å fylgja med i timane og tek skulen på alvor, altså, legg han til.

Alter ego

Den talentfulle teiknaren byrja å utvikla eigne teikneserie-figurar i 2008. Førebels har han tre: Mac, Roy og Roys rival som enno ikkje har fått noko namn.

Karakteren Roy er ein skytegal cowboy og vert til i løpet av eit minutt.
Karakteren Roy er ein skytegal cowboy og vert til i løpet av eit minutt.
Mac i sitt ess.
Mac i sitt ess.
Figuren Mac anno 2010. Fyrst nokre år seinare vart den endelege versjonen "fødd".
Figuren Mac anno 2010. Fyrst nokre år seinare vart den endelege versjonen "fødd".
Per Andrés profilbilete på Facebook er til forveksling lik karakteren Mac.
Per Andrés profilbilete på Facebook er til forveksling lik karakteren Mac.

- Mac er ein litt tilbaketrekt og roleg fyr i hettegensar og dongeribukser. Mac er en rolig og forsiktig fyr. Han liknar meg på nokre område, men er for det meste annleis. Sidan eg ikkje er ein særleg spennande person, måtte eg gjera Mac meir interessant enn meg sjølv, forklarer Per André og strekar opp figuren med rutinert hand. Mac kan minna om Donald, men har verken nebb eller gakk-gakk-uniform.

Fetter Roy er den som tilfører historiene action.

- Roy var ein skytegal cowboy i starten. No er han ein skattejeger som alltid er klar for eventyr. Han dreg som regel Mac med seg på tur, forklarer Per André.

Men Roy og Macs eventyr går ikkje heilt knirkefritt. Ein skummel rival har nemleg snike seg inn i teikneserieuniverset.

- Karakteren er Roys erkefiende, men har dessverre ikkje fått noko namn enno, seier Per André.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra han jobba mykje for å bli ein betre historieforteljar.

- Tidlegare berre byrja eg på ei historie og såg korleis det gjekk. Eg hadde ikkje tolmod til verken manus eller planleggjing, seier han.

Rosemålar-familie

Det er liten tvil om at det boblar av fantasi under den blonde piggsveisen.

- Ja, det føregår mykje opp i her, smiler Per André og peikar mot hovudet sitt.

Bussturane til og frå skulen vert gjerne nytta til å tenkja ut nye forteljingar eller sjølvsagt å teikna.

- Kvar kjem dette talentet frå?

- Den nærmaste familien er forsåvidt kreative dei, om enn ikkje på mitt nivå. Men det er mange generasjonar med rosemålarar i slekta, fortel han.

Ganske riktig. Tipptiptipoldefar var Nils Midthus frå Hegglandsdalen, opphavet til dagens rosemålartradisjon i Os. Ein tradisjon som forresten er ført vidare av ein annan etterkomar, nemleg Torunn Rød Farsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

- For meg har det nok betydd mest at besteforeldra mine teikna med meg då eg var liten. Om vinteren teikna vi for eksempel andlet saman i snøen med fingrane. Det var morsomt, seier han.

Dermed kan vi slå fast at talentet truleg sit i genane.

Donald Duck

Per André var berre seks år gamal då han bestemte seg for å ein dag ville leva av teikninga. Han slukte det han kom over av teikneseriar, og favoritten var sjølvsagt Donald Duck.

- Så sant vi hadde råd til det, fekk eg eit blad. Det var veldig underhaldande, og eg brukte å teikna av og prøva å få det til å likna, seier han.

På barneskulen kunne det som sagt vera ei utfordring å fylgja med i timane. Ikkje overraskande var kunst og handtverk favoritten.

- Men når vi skulle læra å teikna, var det som regel kjedeleg. Eg kunne jo det meste frå før.

I tillegg til Donald, har Per André henta inspirasjon frå andre teikneseriar, filmar og dataspel.

- Eg liker best eventyr og action. Gjerne ispedd litt humor, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telefon frå Adresseavisen

I 2010 sende Per André og mor hans inn nokre teikningar til ein konkurranse i regi av Adresseavisen. Litt seinare fekk då 14 år gamle Per André ein telefon.

- Dei ansvarlege for konkurransen var imponerte over teikningane. Sjølv om eg ikkje vann, bad dei meg om å halda fram og stå på med teikninga vidare, fortel han.

Og nettopp det har Per André tenkt å gjera. Målet er det same som då han var seks, å få gitt ut sin eigen teikneserie og kunna leva av det.

- Eg har eit elsk-hat-forhold til teikninga. Sjølv om eg har ein indre driv på å uttrykkja meg på papiret, så er det jo ikkje den lettaste yrkeskarrieren. Men eg må berre bita tenna saman og halda fram, smiler han.