Klar for portrett: Marie Bruarøy synest det er stas og bli foreviga som siste ordførar i rekkja av ordførarar i Os kommune. Foto: Kenneth Svenningsen

– Ei ære å bli siste ordførar i rekkja som skal forevigast

Rekkja av portrettmåla ordførarar i Os kommune skal fullførast til hausten. Det betyr at Terje Søviknes og Marie Bruaøy må førebu seg på å posera.

– Skal dei måla meg også? Åh, det liker eg godt. Det blir ei ære, gliser Marie Bruarøy.

Ho sat som ordførar-vikar i kring 20 månader. Den siste perioden ho sat ved roret, var ho ordførar i halvanna veke.

– Eg sat jo ikkje lenge den siste tida, men alt i alt, så synest eg jo at eg fortener ein plass på veggen der oppe (i sentrumskvartalet), eg også, smiler frisøren.

Yngst av damene

Marie er i dag 39 år. Då ho vart ordførar fast over tid første gong, var ho 36.

– Eg er ikkje den yngste som har hatt kjedet, men eg var yngst av me damer som har vore ordførarar, humrar ho.

– Kor mange kvinnelege ordførarar har det vore?

– To, Annlaug Tysseland og meg. Annlaug var faktisk innom med plante til meg då eg vart ordførar første gong. Det var stas. Planta overlevde tida mi der, fortel Marie.

27 og 28 i rekkja

Det er kulturavdelinga i Bjørnafjorden kommune som har fått i oppdrag å få portrett-jobben gjort, men først må dei få midlar.

– Saka skal opp i formannskapet på tysdag. Eg reknar med me får sett av litt pengar til denne jobben, seier kultursjef Erik Vangsnes.

Før saka er avgjort, kan han ikkje seia så mykje om kven som skal gjera jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det einaste eg kan seia er at det hadde vore kjekt om det var lokale kunstnarar som melde seg for jobben, seier Vangsnes.

Han synest så absolutt det er på sin plass å fullføra samlinga av ordførarar på veggen i kommunehuset.

– Det er ein stolt tradisjon. Frå før av er det samla 26 ordførarar-portrett frå 1836 fram til 2019. Det er klart at rekkja av Os-ordførarar må vera fullendt, seier Vangsnes.