Mange funn: Eirik Ulvatne har gjort mange funn med metalldetektoren sin, men aldri frå bronsealderen.

Eirik fann 3.500 år gamal holk-øks

— Det er draumen å gjera eit slikt funn.

Det seier Eirik Ulvatne i ei sak på Vestland fylkeskommune sine heimesider.

Ulvatne fortel at han har gjort mange funn med metalldetektoren sin, men aldri frå bronsealderen.

Artikkelen held fram under annonsen.

3.500 år gamal: Øksen ligg på kvitt papir og er ca. 12 centimeter lang. Den har jord og små røter på seg etter å ha lagt i jord lenge.

Etter funnet sørgde Eirik Ulvatne for at øksa raskt blei lagt tilbake i jord og oppbevart kjøleg i ein syltetøyplastboks, slik arkeolog Jostein Aksdal i Vestland fylkeskommune har lært han.

– Øksa låg nesten på overflata, fortel Ulvatne i saka og held fram:

— Ho var ikkje mange minutta i friluft. Bronse og messing forvitrar gjerne, så det er om å gjera å stansa forvitringa.

Ei holkøks er eit universalreiskap som vart brukt til ulike typar grovarbeid i jord og med tre.

Fylkeskommunen har tidlegare fått inn viktige og spennande funn frå førhistorisk tid gjennom metallsøking, og det er fylkeskommunen du ringer for å få råd og hjelp når du har gjort funn, opplyser dei på heimesida si.

Etter at arkeolog Jostein Aksdal i Vestland fylkeskommune har sett på øksa, meiner han at ho er frå overgangen mellom eldre bronsealder og yngre bronsealder, 1700 før vår tidsrekning (fvt) til 500 fvt.

Skiljet mellom dei to er rundt 1100 fvt.

Seinare viste det seg at øksa er frå tredje periode som er mellom 1300 og 1100 fvt, så Aksdal og Ulvatne har treft ganske bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Øksa er nok lagt der, det kan ha vore eit offer. Ho er ikkje hogd ved med og har ikkje vore i bruk, seier Aksdal til nettstaden.

Reisa vidare for holkøksa er til Universitet i Bergen (UiB) der ho skal bli røntgenfotografert. I samlinga på UiB finst det eit par andre liknande økser i mindre storleik.

Grensa for innleveringsplikt går ved reformasjonen i 1537.

– Vi kan vere heldige å finna sølvmyntar som ikkje er innleveringspliktige, men det vi finn, gir vi alltid til grunneigar, seier Ulvatne.