Krigsminne: «SNØGG» ved Oskaien attmed «HITRA» i 2019 i samband med minnemarkeringa for bergingsaksjonen av dei seks kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland i 1944.

– Eit unikt, maritimt krigsminne er sikra for ettertida

Riksantikvaren har gitt båten «SNØGG» vernestatus.

Det skriv Os sogelag i ei pressemelding.

«SNØGG» var sentral i operasjonen som berga dei seks kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland i Os hausten 1944.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter å ha lege i skjul ei tid i Botnahytta i Samnanger, vart flygarane tatt om bord i «SNØGG» i Lønningdal. På mirakuløst vis og i fullt dagslys makta skipar Lars Orrebakken å gå klar dei mange tyske vaktbåtane i Bjørnafjorden. Flygarane vart sette av ved Ospsøy aust om Huftarøy, og vart deretter transporterte vidare til Kjøpmannsholmen i Austevoll, skriv sogelaget i pressemeldinga.

Nokre dagar seinare vart dei henta av Shetland-Larsen med «VIGRA».

– Det vert sagt at dette er den einaste gongen at eit havarert, alliert flymannskap klarte å koma heilskinna ut av tyskokkupert område under den 2. verdskrigen.

Vernestatus for «SNØGG» er eit første, viktig steg for å kunna ta vare på dette krigsminnet for ettertida. Neste steg er å rehabilitera båten, ifølgje sogelaget.

«SNØGG» er ei 29 fot lang skøyte bygd ved Henrik J. Askvik og sønner i 1926. Båten har hatt fleire eigarar, den siste var Ole T. Lunde.

I dag er Os Sogelag den formell eigaren.

– Men det er planar om å skipa ei eiga foreining/lag som kan føra arbeidet med å ta vare på dette verdfulle krigsminnet vidare, opplyser sogelaget.