Bernt Grimstvedt ved minnesteinen utanfor Holdhus gamle kyrkje.

Endeleg er teksten synleg igjen

Primus motor Bernt Grimstvedt meiner steinen fortel ein viktig del av norgeshistoria.

Minnesteinen ved Holdhus gamle kyrkje er endeleg ferdig oppussa.

Primus motor Bernt Grimstvedt synest resultatet er blitt svært bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

— No er steinen klar for nye 100 år til minne om at fred og fridom ikkje er noko som kjem av seg sjølv.

Napoleon

Ulikt mange andre minnesteinar, handlar ikkje denne om andre verdskrig, men om napoleonskrigane då Norge-Danmark stod på fransk side.

Teksten på bautasteinen er som fylgjer: «Minnestein fyr Hermennerne fraa Haalandsdalen som var med aa verna Folk og Land i Ufredsaari 1807-1814. Reist av Bygdefolk 17de Mai 1914».

I kjølvatnet av Napoleons russiske stortap i 1812, vart Danmark tvungne til å gje frå seg Norge til Sverige. Dette førte til ein kortvarig krig sommaren 1814.

Då vart unge menn frå heile landet kalt inn til å forsvara Norge i kampen mot svenskane. Fleire frå Hålandsdalen reiste då til Austlandet for å delta i kampane.

Kor mange dei var og korleis det gjekk med dei, veit ikkje Grimstvedt noko om.

— Men det er ein viktig del av norsk historie, seier mannen som sjølv har bakgrunn frå Sjøforsvaret.

Les også
Tradisjonen er over 50 år gamal: I slutten av juli blir det ny olsokfeiring i Hålandsdalen
Les også
Over 100 år gammal minnestein får nytt liv

Olsok

Grimstvedt håpar no at mange tek turen til Holdhus gamle kyrkje på olsokmarkeringa 29. juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nyttar også høvet til å takka for støtta til prosjektet.

Det var 17. mai i år at Grimstvedt fekk idéen til prosjektet. Det er nemleg tradisjon at toget går forbi minnesteinen og at det vert lagt ned blomar her.

— Vi la ned ein bukett i år også, men det gjekk ikkje lenger an å sjå kva som stod på steinen, fortel han.

Etter å ha konferert med andre folk i bygda og fått tommel opp frå alle, gjekk han i gang med prosjektet.