Hans Bjørn Bakketeig har i tre år blitt følgt at Flimmer Film. No er det endeleg klart for premiere på Mirakelet i Moldova.
Hans Bjørn Bakketeig har i tre år blitt følgt at Flimmer Film. No er det endeleg klart for premiere på Mirakelet i Moldova. Foto: Flimmer Film

Endeleg premiere på Mirakelet i Moldova

I tre år har Flimmer Film følgt osingen Hans Bjørn Bakketeig som den einaste optikaren i Moldova. Fredag 29. september blir det premiere på BIFF, og osingen gler seg stort.

– Eg skal på premieren, ja. Det har vore spanande å ha dei med meg i om lag tre år. Vi har filma litt i Noreg, men mest i Moldova. Filmen viser kampen for å få eit godt opplegg for dei som er synshemma i Moldova, det vi har bygd opp av augehelseteneste og den politiske kampen. Det blir litt reality-TV. Ein får eit innblikk i liva til nokre pasientar eller brukarar som har fått hjelp, seier Bakketeig.

Osingen står bak Hjelp Moldova, som du kan lesa meir om her: http://www.hjelp-moldova.no/

Korrpusjonsskandale

Det er laga ulike versjonar av filmen. På BIFF skal den lengste versjonen på 82 minutt visast.

– Svensk TV og TV 2 skal også syna filmen, men i kortare versjonar. Det skal skje i 2018, seier Bakketeig.

Ein annan som gler seg til premieren på Mirakelet i Moldova, er regissør Stian Indrevoll frå Flimmer Film.

Heile sju gonger har regissør Stian Indrevoll vore i Moldova for å laga denne filmen. Her er eit bilete frå ein bil-scene.
Heile sju gonger har regissør Stian Indrevoll vore i Moldova for å laga denne filmen. Her er eit bilete frå ein bil-scene. Foto: Flimmer Film

– Det blir stas. Det er tre år sidan vi starta. Eg har vore sju gonger i Moldova. Vi har filma litt i Noreg også, men det kom ikkje med i filmen, seier Indrevoll.

– Kva er det som gjer at det har teke tre år å bli ferdig med prosjektet?

– Det er ein film av ein viss storleik. I tillegg har det teke tid å finansiera og klippa filmen. Hovudvekta av filmen er skutt i løpet av eitt år og sluttar i 2016. Vi har brukt mykje tid på etterarbeid, seier Indrevoll og legg til:

– Det året skifta Moldova regjering fem gonger, og Hans Bjørn har jobba opp mot ulike departement og regjeringar for å realisera senteret for svaksynte. Den prosessen har vi følgt. I tillegg skjedde dette også midt i ein korrupsjonsskandale. Du kan trygt seia at det skjedde mykje.

Kjem på TV

Regissøren seier at det har vore fantastisk å vera floge på veggen, og sjå den jobben Bakketeig legg ned, samt det å få sjå reaksjonen til menneske som gjerne ikkje har sett noko på 50 år, og plutseleg har fått synet tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er så lite som skal til. Tenk å gå 50 år utan å sjå særleg, og ikkje fungera i kvardagen, til å få briller og kunne sjå alt. Dette går føre seg i Europa i dag. Det er mange som har moglegheit til å få det mest optimale livet dei kan, men på grunn av så enkle ting som total mangel på oppfølging innan synsfelt i Moldova, så får dei ikkje eit slikt liv. Dette heng att frå det gamle Sovjet, då dei gøymde bort ungar som ikkje var som alle andre.

Indrevoll håpar å sjå mange fusingar og osingar på premieren på BIFF.

– Filmen kjem på TV etter kvart, men det hadde vore kjekt sjå fusingar og osingar på premieren. Filmen skal visast på norsk- og svensk TV, og vi har forhåpningar om å nå ut internasjonalt også. Det vil også bli skulevisningar av filmen under og etter BIFF, så det er ein del ungdoms- og vidaregåande skular som får sjå filmen, seier Indrevoll.