Osing Steinar Lyssand er romjulsbluesens kapellmeister og ein gitarist som stadig oftare vert brukt som sessionmusikar av fleire store artistar i Noreg.
Osing Steinar Lyssand er romjulsbluesens kapellmeister og ein gitarist som stadig oftare vert brukt som sessionmusikar av fleire store artistar i Noreg.

Er det på Os dei klekker dei?

Med både Gina Aspenes, Leif Østrem og Steinar Lyssand på scenen, var det eit høgst betimeleg spørsmål frå primus motor Dag Bergesen under kveldens romjulsblues på Peppes.

Romjulsbluesen på Peppes har blitt tradisjon for mange. I kveld var det stinn brakke.

Dette er tredje året Steinar Lyssand og Dag Bergesen samarbeider om å laga til romjulsblues, og billettane til årets arrangement vart rivne vekk.

Artikkelen held fram under annonsen.

På plakaten stod mellom andre Lyssand og Bergesen sjølve. Sistnemnde tok også rolla som konferansier.

Han var tydeleg svært imponert over nivået på bluesmusikarane frå Os, og skrytte stort av både Gina Aspenes og Leif Østrem.

Han passa også på å skryta av Lyssand, som er romjulsbluesens kapellmeister og ein gitarist som stadig oftare vert brukt som sessionmusikar av fleire store artistar i Noreg.

Leif Østrem har gjort seg bemerka på store og små scenar i og rundt Os.
Leif Østrem har gjort seg bemerka på store og små scenar i og rundt Os.
Dette er tredje året Steinar Lyssand og Dag Bergesen (biletet) samarbeider om å laga til romjulsblues, og billettane til årets arrangement vart rivne vekk.
Dette er tredje året Steinar Lyssand og Dag Bergesen (biletet) samarbeider om å laga til romjulsblues, og billettane til årets arrangement vart rivne vekk.
Spelemannpris-vinnar Gina Aspenes var i storslag på Peppes i kveld.
Spelemannpris-vinnar Gina Aspenes var i storslag på Peppes i kveld.

Før årets blues var Bergesen svært glad for å kunna invitera til det han trudde kunne bli den beste romsjulsbluesen så langt. Og det var ikkje utan grunn. Med seg på trommer og bass hadde dei også fått Magne Trengereid og Kai Taule.

- Det er ei glede for oss å ha fått med Magne og Kai denne kvelden, kommenterte Bergesen i forkant.

Saman fekk dei det til å svinga ut i dei små timar på Peppes, og fleire fann fram danseskoa framføre scenen.