Raymond Svendsen og Kent Solberg hadde mest av alt gledd seg til Vamp under fredagens Osfest. Dessverre kom dei for seint til den konserten, men humøret var det ikkje noko å sei på likevel.
Raymond Svendsen og Kent Solberg hadde mest av alt gledd seg til Vamp under fredagens Osfest. Dessverre kom dei for seint til den konserten, men humøret var det ikkje noko å sei på likevel.

Feststemt publikum koste seg

Festivalpublikum koste seg godt under første kveld på hovudscenen. Takka vera Vamp kom mange seg også tidleg til festivalområdet.

- No er vi i gang og folk er så hyggelege. Det er berre godord å høyra, fortel festivalsjef Tor Egil Hylland når Os & Fusaposten møter han under Vamp sin konsert.

Då går han rundt blant publikum og nyt stemninga med eit stort smil.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har heile tida nokre små og store utfordringar, men ingen ting publikum merkjer. For dei funger er alt som det skal, forsikrar han.

Vil motverka sovebygd

Kor mange billettar som er selt har han ikkje oversikt over enno.

- Vi sel heile tida, både i døra og på nett, så totalen veit vi ikkje før det er over, men det virkar lovande så langt, kan han slå fast.

Tor Egil Hylland var godt nøgd med starten på årets festival då Os & Fusaposten snakka med han under Vamp-konserten.
Tor Egil Hylland var godt nøgd med starten på årets festival då Os & Fusaposten snakka med han under Vamp-konserten.
Marielle Engelsen, Sara Gaski, Julie Havsgård, Mons Martin Borgen, Vilde Haugland Kristiansen og Egil Johan Hansen.
Marielle Engelsen, Sara Gaski, Julie Havsgård, Mons Martin Borgen, Vilde Haugland Kristiansen og Egil Johan Hansen.
Øyvind Staveland og Jan Ingvar Toft i Vamp fekk liv i osingane.
Øyvind Staveland og Jan Ingvar Toft i Vamp fekk liv i osingane.

Han fortel at publikum kjem både frå Fana og resten av Bergen i tillegg til mange av nabobygdene.

- Nett slik vi ynskjer oss det. Vi har heile tida sagt vi skal vera ein regional festival.

Bygda treng slike arrangement, meiner Hylland. - Os skal ikkje berre vera ein plass folk søv. Her må skje noko sosialt også, noko som ikkje berre er ein "bygdafest", seier han før han må vidare for å sjå til at alt går som det skal.

- Viktig å ha det gøy

Det same synast Hildegunn Tysseland som jobbar som frivillig og står i baren i kveld.

- Det er kjempegøy å vera med å hjelpa til når det skjer sånne kjekke ting her i Os. Eg var med i fjor også, fortel ho medan ho hoppar av glede.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein stor porsjon humor og mineralvatn er det ho går på gjennom kvelden.

- Det er viktig å ha det knallgøy! sprudlar ho og hoppar vidare til neste ølkunde.

I nærleiken av scenen står ein ambulanse parkert. Der møter Os & Fusaposten ein god gjeng frivillige innan helse, som skal ivareta publikum dersom uhellet skulle vera ute.

Fredag er det ambulansepersonell, sjukepleiarar og dei to legene Sveinung Gangstø og Stig Andre Nordmann som har ansvaret, får vi veta. Alle stiller som frivillige.

Laurdag er Røde Kors hyra inn til same oppdrag.

Godt budd

Egil Johan Hansen er ambulansepersonell og bur i Os, men jobbar til vanleg i Helse Bergen. Han syns det er veldig kjekt å vera med som frivillig.

- Ekstra kjekt er det jo at vi får med oss konsertane også, seier han.

Lege Sveinung Gangstø har ansvaret og kjenner seg trygg på at dei er godt skodd dersom noko skulle skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi skal vera i beredskap, men det er jo best om det ikkje blir behov for oss, seier han.

På konsert med bestemor

Seksårige Linnea Råheim har fått følgja med bestemor Ingunn Storetvedt på konsert medan far hennar er heime og kviler seg etter å ha jobba med rigging av Osfest i tre dagar.

Linnea koser seg på Vamp men gler seg mest til Marcus og Martinus i morgon.

- Det blir spennande! seier ho.

For bestemor og hennar nabo Bente Haugsdal er Vamp kveldens høgdepunkt.

- Vi må vera med dei arrangerer noko slikt, seier Bente.

Ho får støtte frå Ingunn:

- Ja, slike arrangement er viktige. Og så er det kjekt at ein kan ta med oss born hit. Det er første gong med oss Linnea er på konsert saman, men vi skal sikkert gå saman neste år også, konkluderer ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elin Austevoll og mannen Thomas Harlem har også lagt opp til familiekveld med Vamp og tatt med seg sonen Jakob Austevoll Harlem (8). For han er det sitt livs første konsert.

Men i morgon ventar Marcus og Martinus, noko han gler seg veldig til.

- Vi har hatt det veldig koseleg og kjekt i kveld, seier dei tre smilande.