Klar igjen: Etter eit par års pause, kan Vidar Bratlund-Mæland med fleire invitera til ny salongfestival.

Filmmiljøet i Bjørnafjorden blomstrar som aldri før. Det viser att på«verdas minste» filmfestival

– Det er spesielt kjekt å invitera til eit så sterkt program etter nokre års pause.

Det seier Vidar Bratlund-Mæland, ein av initiativtakarane til Solbakken Salongfilmfestival som går av stabelen i Galleri Solbakkestova denne helga. Med seg i komiteen har han Ole Henning Bøe og Hanne Andersen.

– Filmmiljøet i Bjørnafjorden blomstrar som aldri før, konstaterer han nøgd og listar opp Mattias Wold, Mathilde Ypsøy, Jon Vangdal Aamaas, Halfdan Hallseth, Hanne Andersen, Mia Ludvigsen Henriksen, Benjamin Garcia Langeland, Owen Weaver, Benjamin Bye, Leo Madsgård, Viljar Bøe, Ole Henning Bøe og Rolv Lyssand Bjørø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er nesten så ein mister pusten av at me etter 23 år med ymse filmfestivalar, kan stilla med så mange lokale aktørar. Det er heilt overveldande, seier Bratlund-Mæland.

På årets program finst det også nokre filmar som kjem utanbygds frå, men desse har sterke band til festivalane på Os.

– I år har me i tillegg barnefilmfest med fin film, snop, popcorn og saft. Barnefilmfesten er sjølvsagt gratis, smiler han.