Ein stille morgon ved gjestebryggja i Os.
Ein stille morgon ved gjestebryggja i Os.

Fokus på Os-naturen

Os Turns årlege kalender er no i sal. Denne gongen har kalender-makarane fokusert på natur-bilete.

I sist nummer av «Os og Fusaposten» skreiv me om Opptur Motbakkeklubb sin kalender. Denne gong tek me for oss Os Turn sin.

- Me har lange tradisjonar for å laga kalendarar på Kuventræ. Men for at dei ikkje skal bli for like må me variera litt. Difor bestemte me oss for at kalenderen for 2016 skal ha Os-natur som tema, og ikkje idrett, seier styremedlem i Os Turn, Egil Hodneland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange Svendal-bilete

Til kalenderen har han henta nokre få bilete frå Anders Fløysand og «Os og Fusaposten». Elles er det RadiOs-mann og fotograf Jan Petter Svendal som har teke bileta til natur-kalenderen.

- Eg fekk spørsmål om å bidra og sende med glede ein del bilete. Eit par av dei har eg teke medan eg har vore ute og padla. Andre under fot- eller sykkel-turar i rundt omkring i vår flotte natur i Os, fortel Svendal.

Os Turn har trykt opp 1.000 eksemplar og håpar osingane vil kjøpa produktet.

Jan Petter Svendal i sitt rette element. Her med selfie-stong like utanfor Os Hamn.
Jan Petter Svendal i sitt rette element. Her med selfie-stong like utanfor Os Hamn.
Padletur forbi Ferstad-neset.
Padletur forbi Ferstad-neset.
Utsikt frå Smievågen på Bjåneshalvøya.
Utsikt frå Smievågen på Bjåneshalvøya.

- Me håpar det fell i smak. Sjølv er me i alle høve veldig nøgde. Det er mange flotte bilete av flott Os-natur, seier Egil Hodneland.