Førjulskonsert i Os kyrkje

2. søndag i advent inviterer Os Musikkforening til konsert i Os kyrkje.

Vi ynskjer å skapa den gode førjulsstemninga, og har også i år invitert koret Tilslørte Bondepiker. Men det blir sjølvsagt ikkje den rette stemninga utan publikum, og når du kjem, får du også vera med og synga når det vert invitert til allsong.

Når det no er tredje året vi inviterer dette flotte koret med på førjulskonserten, er det fordi vi veit at det blir vakkert. Dei syng under leiing av Kristine Bjånes, og programmet deira rommar mykje. Frå ein spanande medley over ulike kjente jazzlåtar, fint arrangert av Tonje Hernes, til ein ny variant av Maria Menas «Home for Christmas» i arrangement av Knut Vidar Garlid og med norsk tekst av Karianne Maltun. Koret har også meir tradisjonelle julesongar på repertoaret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Musikkforening, under leiing av Karl Ole Midtbø, har òg eit variert program som vi vonar vil falla i smak. Det blir tradisjonell lys-tenning, stemningsfull musikk frå filmen «Tre nøtter til Askepott», eit flott arrangement av Amazing Grace med meir. Kveldens hovudverk frå oss er «Between the Two Rivers» - eit flott stykke med variasjonar over «Vår Gud han er så fast ei Borg»

Koret og korpset skal også framføra musikk i lag - det gler vi oss alltid litt ekstra til - og det blir stemningsfullt når Karl Ole har laga eit stykke som inkluderer både "Henriken" og Ole Bull, kor og korps. Og det blir meir!

Kom på konsert - så lagar vi fin førjulstemning saman!

Os Musikkforening

Ruth Elin A. Midtbø

Os Musikkforening