William Lindborg og Eirik Søfteland håpar på storinnrykk når "nye" Os blir feira med torgfest på fredag.
William Lindborg og Eirik Søfteland håpar på storinnrykk når "nye" Os blir feira med torgfest på fredag.

Frå trubadur-kveld til full torgfest

Det starta i det små. No bryggjer det opp til full torgfest på fredag.

Osøyro:

Nye Osøyro må innviast. Fleire hadde tenkt den same tanken. No vert alt samla under ein og same «parole». Torgfesten på fredag kan bli legendarisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv såg eg for meg ein liten trubadur-kveld med litt taffeljazz, humrar leiar i Os sentrumsforening, William Lindborg.

Via jungeltelegrafen høyrde han om Eirik Søfteland og kompisane hans sinenoko større visjonar.

– Me fann fort ut at me kunne samarbeida. Etter kvart såg me konturane av eit tilnærma brusteinsball, seier Lindborg.

– Ja, det kunne jo ikkje gjerast halveges, når ein har fått ein slik flott plass å arrangera utekveld på, supplerer Søfteland.

Trafikkstengd gate

Etter kvart som «nye» Osøyro har tredd fram, har fleire og fleire stilt spørsmål om trafikk i heile teke har noko i sentrumskjernen å gjera.

– Det er noko me har høyrd mykje. Det er ikkje berre berre å stengja trafikken ute på fast basis, men for èin kveld, kan det la seg gjera, seier Lindborg.

Frå fredag ettermiddag blir sentrum utelukkande ein plass for fotfolket. Utover kvelden aller mest for musikk- og festglade.

– Me har fått full skjenkeløyve for eit innelukka område her ved Torgbygget. Så det blir verkeleg høve til å testa det nye «stovegolvet» for fest, seier Lindborg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Scene mot torgbygget

Eirik gler seg til å tre opp på scenen midt i storkrysset i sentrum.

– Scnenen kjem midt i gata her, vend mot Torgbygget. På denne måten får me plass til bortimot 500 på torget og i og rundt Havnechefen-restauranten, forklarer Søfteland.

Totalt fem band/artistar står for underhaldninga på scenen.

– Det blir artistar med eigne låtar, litt cover, litt rock `n` roll og litt pop. Fire timar med musikk og løye, reklamerer Søfteland.

Han skal sjølv spela med «Undercover» i lag med Olav Skorpen og Jens Erik Aasmundseth.

Havnechefen-opning

Som del av opplegget er det også offisiell opning for Frank Bruarøy & co i Havnechefen.

– Det er mykje som skal feirast, så då passar det perfekt at me gjer det litt stort. Håpar osingar, fusingar og bergensarar finn vegen og blir med på festen, avsluttar Lindborg og Søfteland.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no