Fredrik Kristiansen og Hans Marius Johnsen jobbar begge i studio for tida. Først ute med ein smakebit er Fredrik.
Fredrik Kristiansen og Hans Marius Johnsen jobbar begge i studio for tida. Først ute med ein smakebit er Fredrik.

Fredrik først ut

Dei har begge lova smakebitar frå sine komande album. Først ut av Os sine eigne gitarkameratar er Fredrik Kristiansen.

For nær to veker sidan småkjekla dei før studio-opptredenen i «Os og Fusaposten» sine lokale. Gitarkameratane Hans Marius Johnsen og Fredrik Kristiansen diskuterte kven som først kom til å sleppa ein smakebit frå sine planlagde komande solo-album. I helga gjorde sistnemde det klart at han var kjappast i avtrekkjaren. «She Knows Im Trouble» vart lagt ut på NRK P3 Urørt fredag kveld.

- Eg er veldig godt nøgd med låten og håpar alle som høyrer han diggar han like mykje som me som har jobba med han, seier Fredrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Songen er innspelt i Tomtom (Thomas Haugland) sitt lydstudio i Bergen. Med seg på prosjektet har Kristiansen hatt med seg Bjørn Stian Bjoarvik og Torodd Rimstad.

Om låten seier hovudpersonen dette:

- Sjølv er eg ingen trøbbelmakar. «She knows Im Trouble» er eit døme songer der eg som skribent set meg inn i andre sitt liv og utfordringar.

Fredrik Kristiansen har gjort mange spelejobbar i os dei siste åra. Her frå ei tilstelning på Os ungdomsskule.
Fredrik Kristiansen har gjort mange spelejobbar i os dei siste åra. Her frå ei tilstelning på Os ungdomsskule.

- Så dette er ikkje ein låt om damen din?

- Hehe, nei, eg syngjer også av og til om meg sjølv, men ikkje i dette tilfellet, seier Fredrik.

Johnsen kjem snart

"Rival" og gitarkompis Hans Marius Johnsen kjenner ikkje presset sjølv om Fredrik no er aktuell med nytt materiale.

- Eg har jobba med plateprosjektet mitt lenge. Me har spelt inn fleire låtar, men eg har det ikkje travelt med å få noko ut. Det viktigaste er at det vert bra nok, seier Hans Marius.

- Fredrik då, er han litt for travel?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Neidå, Fredrik er veldig produktiv og lagar mange bra songar. For han trur eg det er viktig å få ting ut, så han kan jobba vidare med nye låtar, seier Hans Marius.

Begge gutane bruker mykje pengar på spela inn låtar i studio. Lønen er at har noko å visa til.

- Hans Marius vil jo laga plate. Det kan eg også tenkja meg på sikt. Men no i første rekkje handlar dette om å foreviga nokre låtar i god innpakning slik at eg kan bruka dei til å skaffa meg spelejobbar, seier Fredrik.

Søftelendingen har totalt tre låtar på NRK P3 Urørt. Her kan du høyra hans nyaste:She Knows Im Trouble.

Og her kan du høyra duoen då dei spelte hos oss og song:Månemann