Bergens store son, Kurt Nilsen, skal halda konsert i heimbyen samstundes som Osfest går av stabelen i Os. (Arkiv
Bergens store son, Kurt Nilsen, skal halda konsert i heimbyen samstundes som Osfest går av stabelen i Os. (Arkiv

Fryktar ikkje Kurt Nilsen

Kurt Nilsen skal ha konsert fredag 11. august, same dag som Osfest. Primus motor for festivalen, Tor Egil Hylland, fryktar ikkje konkurransen frå den røynde bergensartisten.

- Eg har vore klar over at han kom til å halda konsert anten 18. eller 11. august. At det no blei 11. august, er ikkje eit problem for oss. Det publikummet vi kjem til å få på fredagen, er yngre vaksne. Kurt trekkjer nok til seg folk i alle aldrar, men gjerne flest vaksne. Eg trur ikkje dette vil råka oss nemneverdig, seier Hylland.

Osfest har tidlegare blitt arrangert første helga i august. I år blei det avgjort å flytta festivalen til helga etter grunna Robbie Williams´ konsert i Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hadde vi gjennomført Osfest til same tidspunkt som tidlegare, sjølv om vi visste at Robbie Williams skulle ha konsert i Bergen samstundes, så ville det vera å skyta seg sjølv i foten. Det er vel berre ein handfull artistar som kunne skapt problem for festivalen. Williams er ein av dei, seier Hylland.

Lovar unge, hippe artistar

Helga etter skal Lars Vaular ha konsert på Bergenhus Festning. Hylland fortel at det hadde vore verre om denne konserten hadde kollidert med Osfest, då Vaular trekkjer til seg eit yngre publikum enn Nilsen. Likevel trur han at Osfest hadde vore svært konkurransedyktige sjølv mot Vaular.

- Berre vent å sjå korleis resten av programmet ser ut fredagen. Det er berre til å smøra seg med tolmod, seier Hylland, som har heile programmet klart.

Tor Egil Hylland har stor tru på at ungdomen finn vegen til grusplassen ved Os ungdomsskule i år. (Arkivfoto)
Tor Egil Hylland har stor tru på at ungdomen finn vegen til grusplassen ved Os ungdomsskule i år. (Arkivfoto)

- Men vi kjem til å venta med å sleppa namna. Eg er strålande nøgd med programmet. Vi har høyrd på innspela, og i år kjem det mange hippe artistar, som ungdomen kjenner til. Det blir spanande å sjå reaksjonane, seier Hylland.

Rekordtidleg start med billettsal

Fredagen er dagen kor det vil vera størst fokus på artistar ungdomen kan relatera til, men også laurdagen skal trekkja til seg det yngre publikummet. Då kjem det namn som både vaksne og unge set pris på.

- Fredagen vil garantert trekkja eit ungt publikum, men det kjem også artistar som vil vera interessante for dei vaksne. Det er litt av det same på laurdagen, men gjerne endå meir for dei vaksne, seier Hylland.

Billettsalet er alt i gang. Tidlegare har dei venta til lengre ut på året, men i år starta dei alt i januar.

- Vi har pleidd å selja litt før jul til julegåver, og så har det vore dødt i januar. No er vi i gang med billettsalet, som går jamnt og trutt, seier Hylland, som er glad for god respons etter at dei to første artistane blei sleppt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei skal begge opptre på Spellemannprisen i helga. Difor valte vi å sleppa dei to namna no.