Klar for dei 20 neste: Vibeke Harild og Vedholmen Galleri kan feira 20-årsjubileum, og er klare for dei neste 20. Foto: Åsa Nord

Galleriet feirar 20 år: Har over 50 kunstnarar «i stallen» og gler seg til dei neste 20 åra

I 2020 feirar Vedholmen Galleri 20-årsjubileum med i alt 10 utstillingar.

Fyrst ut var Line S. Hvoslef. Komande laurdag opnar Dag Thorkildsen si måleri- og grafikkutstilling.

– Det er med stor glede og ære me kan ynskja velkomen til Dag Thorkildsen si andre separatutstilling i Vedholmen Galleri. Tale for dagen er ved biletkunstnar og tidlegare rektor for Kunsthøgskolen i Bergen, Nils Eger, fortel Peter Marron og Vibeke Harild ved galleriet.

Som aktiv kunstnar i over 45 år, har Thorkildsen ei mengd offentlege innkjøp og utstillingar bak seg. I starten av 1970-talet var han med i den politiske kunst-gruppa «Gras». Han har vore instituttleiar på Institutt for Fellesfag samt pro-rektor på Kunsthøgskolen i Bergen og har følgjeleg bidrege til å utdanna to generasjonar kunstnarar.

– Med tittelen "Selvportrett" ynskjer han å formidla ei skildring av eigne historier gjennom komposisjon, farge, rytme, rom og bevegelse, heiter det i ei pressemelding om utstillinga.

Seinare i jubileumsåret vert det utstillingar med Erling Valtyrson, Cecilie Galtung Døsvig, Signe Marie Andersen og Oddvar Torsheim.

– Uten gode kundar og profesjonelle kunstnarar, samt støttande samarbeidspartnarar, hadde vi aldri klart å driva galleri, galleributikk og atelier. Det er vi veldig takknemlege for, seier Marron og Harild og legg til:

– Kunstnarstyrte Vedholmen Galleri & Atelier har aldri mottatt kommunal eller annan offentleg drifts- eller utstillingsstøtte sidan starten i 2000. Men uvurderleg økonomisk støtte frå Grieg Foundation i fleire år, har halde oss over vatnet når det har blåst som verst.